Kvar finn du lensrekneskapane?
Lensrekneskapane er i Riksarkivet, men er skanna og tilgjengelege på nettet. Dei er også registrerte i Arkivportalen.

Det er bevart spreidde delar av lensrekneskapar frå 1500-talet, men først frå begynnelsen av 1600-talet blir dei tilnærma fullstendige. Dei slutta då eineveldet blei innført  i 1660. Deretter er dei lokale rekneskapane i  arkivseriane med stiftamtstuerekneskap og futerekneskap.

Alle rekneskapane frå før 1570 er trykte og utgjevne i "Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede" og "Norske lensrekneskapsbøker 1548-1567" som er til sals i nettbutikken vår. Dei første er skanna og er på Digitalarkivet , Digitale bøker.

Kva finn du i lensrekneskapane?
Sjølve lensrekneskapen er ikkje omfangsrik. Det er dei tilhøyrande  inntekts- og utgiftsvedlegga som er hovudtyngda av materialet. I rekneskapen blir det vist til vedlegga som er merkte med bokstavar eller tal. Desse består  for det meste av skattemanntal, jordebøker og futerekneskap og i tillegg ein del andre rekneskap.

Rekneskapsåret tok til og slutta kvar første mai, som var Philippi Jacobi. Bakerst i det årlege rekneskapet ligg revisjonsmerknadene til Rentekammeret. Ved skifte av lensherre blei det sett opp eit såkalla kvittansiarum. Dette inneheld ofte nøyaktige registreringar av dokument og inventar som lensherren forvalta, men som tilhøyrde  staten.

Skattemanntall, matriklar og jordebøker
Futen var fullmektigen til lensherren og stod for innkrevinga av skatt. Han førde skattemanntal der kvar einskild gard blir nemnt med skattebeløp og som oftast også med brukarnamn.

Det var mange forskjellige skattar. Den viktigaste var landskatten, også kalla unionsskatt. Landskatten omfatta også fleire småskattar der ein kan finne lister over handverkarar, strandsitjarar og tenestedrengar. I dei strøka i landet der ein skilde mellom heil-, halv- og øydegardar, blei desse førde kvar for seg, men i same skatteliste.

I 1640-åra blei landskatten og ein del andre skattar slegne saman og kalla kontribusjonen. Desse skattelistene gjekk då over til å bli skattematriklar og frå då av inneheld dei også opplysningar om landskylda til gardane og eigartilhøve. Kontribusjonen frå 1647 er publisert i kjeldeutgåva Skattematrikkelen 1647 som er skanna og tilgjengeleg på Digitalarkivet, Digitale bøker.

Nokre skattelister har spesielle opplysningar:

  • Sagskatten gir opplysningar om sager.
  • Koppskatten 1645 har ofte namn på fleire enn hovudpersonen i hushaldet.
  • Kvegskatten 1657 gir opplysningar om husdyrhald.

Grunnlaget for innkrevinga av dei forskjellige skattane blei gitt i ymse kongebrev.

Lensrekneskapane inneheld også ein del jordebøker. Dette er eit oversyn over offentleg eller privat jordeigedom, ordna etter eigar og med opplysningar om dei rettane eigaren hadde. Kronens jordebøker omfatta også dei gardane som betalte leidang og foring til konge.

Futerekneskap
Futen var også påtalemakt i lokalsamfunnet. Han hadde mellom anna utgifter til avrettingar, fengsling og transport av fangar og han stod for innkreving av bøter. I futerekneskapane er bøtene førde under Sikt og sakefall. Slagsmål og det å få barn utanfor ekteskap (leiermål) var vanlege brot, men det var også tilfelle av drap, hor, blodskam og trolldom. Til desse postane kan det igjen vere vedlegg som fortel meir om bakgrunnen for bøtelegginga.

Andre rekneskap
Lensrekneskapane inneheld også ei rekkje andre rekneskap som seinare blei eigne arkivseriar:

  • Tollrekneskap
  • Byrekneskap
  • Festningsrekneskap
  • Kyrkjerekneskap 

I tillegg finst det ein del særskilde rekneskapar som til dømes rekneskapane for kongehyllingar. Desse inneheld mellom anna detaljerte opplysningar om forbruket av mat og drikke ved hyllingane og er ei viktig kulturhistorisk kjelde.

Forsida på Axel Gyldenstjerne sin rekneskap for Akershus len frå mai 1600 til mai 1601.

Forsida på Axel Gyldenstjerne sin rekneskap for Akershus len frå mai 1600 til mai 1601. (Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 10.2, EA-5023/Rba/L0010/0002/0001)



Vedlegg nr. 30 til bygningsrekneskapen for Akershus 1644-45 har ei liste over arbeidsfolk som lossa og bar murstein frå skipet og opp til slottet. Både kvinner og menn var med, og dei tente like mykje.

Vedlegg nr. 30 til bygningsrekneskapen for Akershus 1644-45 har ei liste over arbeidsfolk som lossa og bar murstein frå skipet og opp til slottet. Både kvinner og menn var med, og dei tente like mykje. (Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 182,6, EA-5023/Rba/L0182/0006/0001)



”Guldbrandsdallens Fougderies Mandtalls Register” over kontribusjonen som skulle betalast til mikkelsmesse og jul 1646. Lista har namn på gardbrukarane, kor stor landskylda var og kor mykje skatt dei betalte. (Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 188.1, EA-5023/Rba/L0188/0001/0002)

”Guldbrandsdallens Fougderies Mandtalls Register” over kontribusjonen som skulle betalast til mikkelsmesse og jul 1646. Lista har namn på gardbrukarane, kor stor landskylda var og kor mykje skatt dei betalte. (Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 188.1, EA-5023/Rba/L0188/0001/0002)



Som utgiftspost i futen sin rekneskap for Gudbrandsdalen i rekneskapsåret 1619-20 står det at han har betalt skarprettaren i Oslo 15 riksdalar for å avrette med ”ild og brand” tre kvinner frå Fron som var dømde for trolldom. Dei blei også dømde til å bøte alt dei eigde til kongen. Dette er bokført under sakefallsinntektene i den same rekneskapen. (Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 51.5, EA-5023/Rba/L0051/0005/0002)

Som utgiftspost i futen sin rekneskap for Gudbrandsdalen i rekneskapsåret 1619-20 står det at han har betalt skarprettaren i Oslo 15 riksdalar for å avrette med ”ild og brand” tre kvinner frå Fron som var dømde for trolldom. Dei blei også dømde til å bøte alt dei eigde til kongen. Dette er bokført under sakefallsinntektene i den same rekneskapen.(Rentekammeret, Lensregnskap, Akershus len 51.5, EA-5023/Rba/L0051/0005/0002)