Futen var kongen sin lokale skatteoppkrevar og rekneskapsførar. Han bokførde kongens inntekter og utgifter, og frå slutten av 1600-talet sende han årlege rekneskap direkte til Rentekammeret i København for revisjon. På Arkivportalen finn du ei oversikt over futerekneskapane.

Oppbygging a av rekneskapane
Futerekneskapa består i hovudsak av tre delar:

  • Hovedrekneskap
  • Nummererte inntekts- og utgiftsvedlegg
  • Revisjonsmerknader frå Rentekammeret, såkalla antegnelser. Revisjonsmerknadene kan ha tilhøyrande vedlegg.

Alle vedlegga har eit nummer på baksida, og dette nummeret er det same som ein finn att i dei aktuelle postane i sjølve rekneskapen. Som regel inneheld vedlegga den viktigaste detaljinformasjonen mens rekneskapen gir eit samla oversyn  samstundes som den viser til vedlegga.

Skatteinntekter
Dei fleste skattane høyrde med til kongens faste inntekter og er førde i byrjinga av futerekneskapen. Dei vedlegga som høyrer til finst på tilsvarande vis først i rekneskapsmaterialet. Dette er først og fremst skattemanntal og jordebøker. Eitt av dei første vedlegga kan også vere ein matrikkel over alle gardane i futedømet med opplysningar om skyld (=skattetakst) og kan hende også om eigarar og brukarar. Ein slik fullstendig matrikkel er diverre ofte erstatta av eit kort utdrag. Dei følgjande vedlegga er skattemanntal for hovudskattane og lister for andre skattar og avgifter, til dømes sagmeisterskatt og kvernavgift.

Uvisse inntekter
Inntektene varierte i størrelse frå år til år. Døme på slike inntekter er bøter folk blei idømde  for ymse lovbrot. Desse bøtene blei førde under posten ”sikt og sakefall” og det kunne dreie seg om slagsmål, blodskam eller leiermål, det vil si å få barn utanfor ekteskap. Også til desse innførslene i rekneskapen kan det vere vedlegg som fortel meir om bakgrunnen for bota. Døme på andre uvisse inntekter er sal av vrakgods, ilanddrivne kvalar, avgifter for vertshus eller arveskifte.

Utgifter
Såkalla avkortingar i skatten blei rekna som utgifter. Det var forskjellige grunnar til nedsatt skatt. Prestegardar og andre embetsgardar kunne vere fritekne for ein eller fleire skattar, og gardar som hadde vore ramma av brann eller ras kunne få redusert skatt i nokre år. Dette blir dokumentert med vedlegg.

Ein annan utgiftspost var dei såkalla  delinkventomkostningane, det vil seie dei utlegga som futen hadde hatt til transport og fengsling av fangar.

Revisjonsmerknader
Rentekammeret sine revisjonsmerknader blei kalla antegnelser. Dersom Rentekammeret hadde kritiske merknader til nokon av postane, måtte futen skaffe meir utfyllande dokumentasjon. Slik kunne det komme til nye vedlegg med meir informasjon om ymse tilhøve i futedømmet.

Ekstraskatter
Med ujamne mellomrom blei det skrive ut ekstraskattar. Dette skjedde som oftast i samband med krigføring som auka behovet for inntekter. Det er særleg to slike ekstraskattar som er viktige som personhistoriske kjelder:

Ekstraskatt etter forordning 21.02.1711, skoskatten på folkemunne, har som oftast opplysningar om namn på hovudpersonen i familien og talet på familiemedlemmar. Samtidig med skoskatten blei det skrive ut ein folkelønskatt som skulle betalast av alle i lønna arbeid og dessutan ein skatt på bruk av parykk.

Ekstraskatten 23.09.1762 skulle betalast av alle over 12 år. I manntala frå denne skatten kan ein finne namn på alle familiemedlemmane. Nokre av desse listene er blitt overførde til andre arkivseriar og det er difor laga ein eigen katalog over ekstraskatten 1762.

Skattelister i andre arkivserier
Berekningar av formue-, kopp-, heste- og vognskatt i 1743 finn ein i serien Skattevesen i Realistisk ordnet avdeling i Rentekammeret.

Rekneskap for formueskatten 1789 og inntektskatten 1810 er også skilde ut og ligg i serien Skatteregnskaper under Mindre Regnskaper i Rentekammeret.

Hjelp til framfinning
I Riksarkivet er det ein setelkatalog med opplysningar om dei viktigaste vedlegga i dei årlege rekneskapane til kvart futedømme. Du kan lese meir om rekneskapane og alle skattane i forordet til katalogen over futerekneskapa som det er lenka til i høgre marg.

Rekneskap frå tida etter 1814
Også etter 1814 sende futen inn rekneskap til revisjon, då til Revisjonsdepartementet, 1. revisjonskontor. Desse rekneskapa blei kalla kontribusjonsrekneskap og er ikkje så rikhaldige som dei tidlegare futerekneskapa.

Liste over sagskatt i Eiker, Modum og Sigdal i 1724. Her nevnes sagene, hvem som brukte dem, hvor stor skurd de var bevilget å skjære og hvilken skatt som var betalt.

Liste over sagskatt i Eiker, Modum og Sigdal i 1724. Her nevnes sagene, hvem som brukte dem, hvor stor skurd de var bevilget å skjære og hvilken skatt som var betalt. (Rentekammeret, Fogderegnskap for Hurum, Røyken, Eiker, Lier og Buskerud 1724, vedlegg 11, EA-4092/R31/L1719)




Fogdens opplysninger om lokalsamfunnet stammet ofte fra prestene. Det ligger mange forskjellige slags presteattester som vedlegg til fogderegnskapene, noen kan for eksempel gjelde opplysninger om hvem som har fått barn utenfor ekteskap. I denne attesten fra 1788 anmelder presten vertskapet og 29 gjester i et bryllup på Vallestad i Indre Holmedal for brudd på helligdagslovgivningen. Bryllupet hadde nemlig strukket seg over både 1., 2. og 3. påskedag.

Fogdens opplysninger om lokalsamfunnet stammet ofte fra prestene. Det ligger mange forskjellige slags presteattester som vedlegg til fogderegnskapene, noen kan for eksempel gjelde opplysninger om hvem som har fått barn utenfor ekteskap. I denne attesten fra 1788 anmelder presten vertskapet og 29 gjester i et bryllup på Vallestad i Indre Holmedal for brudd på helligdagslovgivningen. Bryllupet hadde nemlig strukket seg over både 1., 2. og 3. påskedag. (Rentekammeret, Fogderegnskap for Sunn- og Nordfjord 1788, vedlegg 233, EA-4092/R53/L3525)




Vedlegg til antegnelsene til fogderegnskapet for Senja og Troms i 1718. Residerende kapellan i Hillesøy, Rasmus Anderssøn Schelderup, forklarer Rentekammeret hvorfor han ikke kunne bli boende på gården Hillesøy som var knyttet til stillingen, men var flyttet inn til Kårvik i Gisund tinglag, en gård som ga ham større skattefritak. Han forteller utførlig om et svært strevsomt liv på Hillesøy, blant annet at vinden hadde revet taket av huset så han hadde måttet ligge under åpen himmel.

Vedlegg til antegnelsene til fogderegnskapet for Senja og Troms i 1718. Residerende kapellan i Hillesøy, Rasmus Anderssøn Schelderup, forklarer Rentekammeret hvorfor han ikke kunne bli boende på gården Hillesøy som var knyttet til stillingen, men var flyttet inn til Kårvik i Gisund tinglag, en gård som ga ham større skattefritak. Han forteller utførlig om et svært strevsomt liv på Hillesøy, blant annet at vinden hadde revet taket av huset så han hadde måttet ligge under åpen himmel. (Rentekammeret, Fogderegnskap for Senja og Troms 1718, vedlegg 19 til antegnelsene, EA-4092/R68/L4764)

 

Ekstraskatten 1762

I dette manntallet fra ekstraskatten 1762 finner vi navnene til alle dem som bodde på gårdene i Aker utenfor Kristiania. Her ser vi både gårdmannsfolk, tjenesteskap og husmannsfamilier som hørte til på gårdene Sogn, Blindern, Tonsen, Refstad og Sinsen. (Rentekammeret, Fogderegnskap for Aker og Follo, eske 559, EA-4092/R10/L0559)