Sjømannshuset i New York

Sjømannshuset i New York, S-4261 Velferdstjenesten for handelsflåten, Ua-2

Innimellom svært krevjande turar mønstra sjømennene av for kortare eller lengre opphald i land. Den første utfordringa var å finne seg ein stad å bu. I mange av dei store sjøfartsbyane var det nesten uråd å skaffe seg husrom. Det blei fortalt at sjømennene i land måtte overnatte i parkar, på undergrunnbanestasjonar og i vedhus. Mange fekk sjukdomar på grunn av dei kummerlege tilhøva og kunne ikkje dra til sjøs igjen på lang tid. Krigssituasjonen påførde sjøfolka ekstraordinære påkjenningar, og det var difor viktig å legge til rette for trygge og gode tilhøve den tid dei var i land.

Norske styresmakter, sjømannsorganisasjonar og andre instansar tok utfordringa inn over seg og gjekk saman om å få til ulike tilbod. Sjøfolka skulle ikkje berre skaffast tak over hovudet, men det blei også arbeidd for å gi dei tilgang til elementære sosiale gode. Dei ymse tiltaka skulle, slik formannen i Sosialkomiteen for norske sjøfolk i USA uttalte det, verne sjøfolka mot dei spesielle farane og påkjenningane som yrket førde med seg, og motverke rotløyse.

Allereie våren 1940 blei det oppretta et herberge, St. George’s Hall, for norske sjøfolk og kvalfangarar i London. Herberget blei øydelagt av bombing nokre få månader seinare. Situasjonen blei prekær og sette fart i arbeidet med å opprette eit eige sjømannshotell i London. County Hotel opna i september 1940 og blei det første i ei rekke sjømannshotell, ferieheimar, klubbar og leserom kring om i verda. Sjøfolka kunne samlast i eit norsk hotell saman med andre nordmenn og få norsk stell. Slik skulle saknet etter eigen familie og fedreland dempast.

Målet var å få etablert alt-i-eitt-service-sentra med flest mulig tenester samla på ein stad. Sjømannshuset i Brooklyn, New York, som blei opna i 1944, var langt på veg eit slikt senter. Den praktisk-administrative fordelen ved arrangementet var openbar: Registrering og forhyring blei lettare når alle sjøfolka var samla på ein stad. Det samme gjaldt helsekontroll og legetilsyn. Det blei også enklare å nå fram med informasjon og ulike typar kulturtilbod. Staten og Nortraship finansierte oppstart og drift av sentra og ga også tilskot til interallierte tiltak. Perioden 1940-1945 kom til å bli ei føregangstid med omsyn til nyetableringar av tidsmessige velferds- og støttetiltak for sjøfolk.

Kongebesøk i sjømannsklubben i Glasgow

Kongebesøk i den nyåpna sjømannsklubben i Glasgow. RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ub/0059.

Den norske sjømannsmisjon må nemnast særskilt når det gjeld velferdstiltak for sjøfolk. Ingen hadde lengre fartstid enn Sjømannsmisjonen på dette feltet. Aktiviteten blei sterkt utbygd i krigsåra og omfatta eit breitt spekter av tilbod og tenester for sjøfolk og fastbuande i eksil. Sjømannsmisjonen sitt eige arkiv som er i Statsarkivet i Bergen, har rikholdig dokumentasjon på organisasjonen sin store innsats i krigstida.

Relevante arkiv i Arkivportalen

S-3567 Handelsdepartementet i London

S-2099 Sosialkomiteen for norske sjøfolk i USA

S-4261 Velferdstjenesten for handelsflåten

S-4310 Hotelinspeksjonen i London  

S-4311 County Hotel London, styret

S-4312 Shaftesbury Hotel London, styret

S-4313 Sjømannsklubben Manchester, styret

Statsarkivet i Bergen, Den norske sjømannsmisjon