Våren og sommaren 1940 var det fleire tusen nordmenn berre i London og dei fleste av dei var sjøfolk og fangstmenn. Sommaren 1940 blei det oppretta eit norsk legekontor i St. George’s Hall i London der mannskapa kunne få helsekontroll og behandling medan dei var i land.

Jul på sjukesal i London

Jul i sjukesal på norsk sjukehus i London. RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ub/0048.

Legekontoret i St. George’s Hall var det første av ei rekke helsetilbod for nordmenn kring om i verda, til saman omkring 50 stader. Det blei oppretta legekontor, tannlegekontor, sjukehus og rekonvalesentheimar både i Storbritannia, USA, Canada og India. Dei blei kalla Norwegian Public Health Service Clinics. Desse sentra skulle i tillegg til å yte vanlege helsetenester også rådgi  Nortraship, sjømannsorganisasjonane og norske konsulat i helsespørsmål og inspisere skip etter nærmare gitte retningsliner. Statens trygdekontor i London og New York handsama trygdesaker og ga råd i medisinske og hygieniske spørsmål. Arkiva etter dei to kontora omhandlar både stønader, trygder, sjukehjelp, naudhjelp, rekreasjonsopphald og feriar både for sjøfolk og statstenestemenn. Behandling av sjuke sjøfolk og utgifter i den forbindelse er også dokumentert bl.a. i arkiva etter Nortraship, Medical Department New York og Nortraship si Trygdeavdeling, Göterborgkontoret.

Tuberkulose

Forekomsten av tuberkulose var høg og det blei sett inn store ressursar for å få bukt med sjukdommen. Sjukehus og legekontor sette i gong med masseundersøkingar og behandla smitta. Vaksinering blei lite brukt.  Innføring av registreringsplikt for tuberkuloseramma viste alvoret i situasjonen. Eit eige register over tuberkuløse finst i arkivet etter medisinaldirektøren i London.

Kjønnssjukdom

Men det største helseproblemet for nordmenn i Storbritannia og oversjøiske land var kjønnssjukdomar. Sjøfolk i handelsflåten og marinen var mest ramma. Overslag viser at omtrent 1/3 av sjøfolka i handelsflåten blei smitta av ein kjønnssjukdom. Det høge talet på smitta hadde konsekvensar for bemanninga av flåten. Førebygging og tiltak mot kjønnssjukdomar hadde derfor høg prioritet hos norske helsestyresmakter i eksil.

Allereie hausten 1940 kom det ein rapport  frå medisinsk sakkunnige om veneriske sjukdommar blant norske sjøfolk i USA. Temaet stod deretter stadig på dagsordenen. Opplysnings- og haldningskampanjar stod sentralt i arbeidet med å få bukt med sjukdomane. Nye og meir effektive medikament blei tekne i bruk i behandlinga. Det blei også oppretta eit eige medisinsk sentralregister over venerisk sjuke. I mai 1945 hadde dette registeret 3.700 navn. Registeret  er i arkivet etter Medisinaldirektøren i London.

Skjermbilde ved  Det norske legekontoret for sjøfolk i New York

Kampen mot tuberkulosen. Skjermbildestudiar ved Det norske legekontor for sjøfolk i New York. RA/PA- 1406 Trygve Gjestland, U/0001/27.

Sosialdepartementet og medisinaldirektøren, begge London, er sentrale kjelder til kunnskap om helse og velferd for norske sjøfolk under siste verdskrigen. Arkiva dokumenterer også oppbygging og drift av norsk helseadministrasjon i eksil. Overordna helsepolitiske fagsaker er dessutan rikt dokumentert. Medisinaldirektør, seinare helsedirektør Karl Evang sitt arkiv inneheld også slik informasjon.

Det finst pasientjournalar etter mange av dei norske sjukehusa og legekontora kring i verda. Nokre sjukehus har eigne rekkjer med journalar for tuberkuløse eller pasientar med kjønnssjukdomar. Helsearkiva frå Noreg i eksil har rik dokumentasjon om helsa til ekeltpersonar og kan vere viktige for tilhøve som gjeld fysiske og psykiske langtids- eller seinskadar. Nokre av dei aktuelle arkiva er lista opp i det følgjande.

Relevante arkiv i Arkivportalen

S-2075 Det norske legekontor, New York

S-2076 Det norske rekonvalesenthjem Eidsvold, New York

S-2084 Medisinaldirektørens kontor, Washington

S-4530 Brochlehurst rekinvalesenthjem, Dumfries

S-4528 Westwood pleiehjem, Birkenhead

S-4526 Tempelton klinikk, London

S-4524 Knockespock rekonvalesenthjem, Kennethmont

S-2133 Nortraship, Medical Departement, New York

S-4625 Rikstrygdeverket, Krigspensjoneringskontoret

S-3129 Statens trygdekontor, London

S-3130 Statens trygdekontor, New York  

S-2910 Sosialdepartementet i London 1940-1945, Medisinaldirektøren i London, Da-95

PA-0386 Karl Evang

S-2099 Sosialkomiteen for norske sjøfolk i USA