Våren 1940 var 11 kokeri og 105 fangstbåtar på veg heim etter avslutta fangstsesong i Sørishavet. Lasta var på meir enn 152.000 tonn kval- og spermolje. 22. april rekvirerte den norske regjeringa all last og alle fartøy. Oljen blei seld til USA og Storbritannia der rustingsindustriane hadde stort behov for spermolje. Dei aller fleste fartøya blei dirigerte til Halifax i Canada, den viktigaste konvoihavna på amerikansk side av Atlanteren.

Fangstsesongen 1940-1941 blei tre ekspedisjonar sende til Antarktis. Alle fekk dramatiske turar. Den tyske raidaren Pinguin slo til medan skipa heldt på med fangst og lukkast med å kapre kokeria Ole Wegger og Pelagos, depotskipet Solglimt og 11 fangstbåtar. 23.200 tonn kvalolje og 400 tonn spermolje blei tekne og 574 sjømenn og fangstfolk blei sende heim til Noreg. Ein av ekspedisjonane, kokeriet Torshammer med fangstbåtar, var mellom dei heldige og greidde under stor dramatikk å kome seg unna til Sør-Georgia.

M/T Thorshammer i konvoi

M/T Thorshammer i konvoi i Nordatlanteren vinteren 1941/42. PA-1209 Uf-118

Bruken av den norske kvalfangstflåten sto stadig på dagsordenen til dei allierte. Britane ville at kokeria skulle setjast inn i konvoifart på Storbritannia. Nortraship og den norske regjeringa motsette seg dette, dei ville oppretthalde norsk kvalfangst og tryggje kvalkokeria som var dei største og mest kostbare skipa. Nokre kokeri og fangstbåtar, mellom dei Thorshammer, fekk halde fram med å jakte spermkval utanfor kysten av Peru i fleire sesongar. Andre kokeri blei nytta til oljetransport mellom Karibia/Mexicogulfen og amerikanske austkysthamner, seinare også i konvoifart på Storbritannia. Størstedelen av kvalbåtane blei etter kvart disponerte av dei allierte og nytta som eskortefartøy og marinesveiparar.

Fangstdagbok Thorshammer

Fangstdagbok Thorshammer, Fiskeridepartementet, Fangstkontoret, Ea -32

Drifta av den rekvirerte kvalfangsflåten blei administrert av Nortraship sine kvalavdelingar i London og New York. Arkiva etter desse avdelingane inneheld rik informasjon både om næring, skip og mannskap. New York-arkivet har mykje stoff om norsk kvalfangst frå Halifax. Arkivet etter Fangstkontoret i Fiskeridepartementet har fangstdagbøker frå fleire ekspedisjonar og gir detaljert informasjon både om sjølve fangsten og vidareforedling av den om bord på kokeria på felta. Innskudds- og trekkontoret i New York har rekneskapsmateriale for kvalbåtar og flytande kokeri. Der er det også mannskaps- og skattetrekklister for sjøfolk og fangstmenn som var med på ekspedisjonar og annan fart.

Arkivet etter Fangstkontoret i Oslo gjeld i all hovudsak kvalfangst og dokumenterer dei fleste sidene ved næringa slik som konsesjonar, utrusting av ekspedisjonar og statleg kontroll av næringa. Det omhandlar også fangsten langs norskekysten. Statens skipsfartsdirektorat og Nortraship New York, Insurance Departement dokumenterer assuranse av kvalskip og Skipsfartsavdelingen sitt arkiv fortel mellom anna om bygging av nye skip.

Familiane til sjøfolk og fangstmenn var som regel avhengige av forsørgarane sine inntekter for å kunne greie seg. Når pengane ikkje kom, var lån til livsens opphald einaste utvegen for mange. Lån til kvalfangarfamiliar blei etter streng vurdering gitt både av reiarlag, Hvalfangstbedriftens sikringsfond og vanlege bankar. Slike saker er omhandla i arkivseriar i Fiskekontoret i Handelsdepartementet i London og Fangstkontoret i Fiskeridepartementet.

Relevante arkiv i Arkivportalen

S-2125 Nortraship London, Whaling Departement

S-2138 Nortraship New York, Whaling Departement  

S-1374 Fiskeridepartementet, Fangstkontoret  

S-1409 Handelsdepartementet, Skipsfartsavdelingen  

S-2451 Statens skipsfartsdirektorat

S-2136 Nortraship New York, Insurance Departement  

S-3567 Handelsdepartementet I London