Arkiva har rik dokumentasjon på tildeling av Krigskorset og Krigsmedaljen til militære og sivile, nordmenn og utlendingar. Dei mest omfangsrike arkivseriane er i arkivet til Direktoratet for sjømenn. Der er det statuttar for Krigsmedaljen, instruksar  for arbeidet med tildeling av medaljen, søknader om tildeling, tildeling, avslag på søknader om tildeling, erstatning for tapte medaljar og retur av medaljar. Krigskorset og Krigsmedaljen blei tildelt av kongen i statsråd og sjølve vedtaket om tildelinga saman med ei kortfatta grunngjeving for tildelinga kan ein finne finst i referatprotokollane til Handelsdepartementet i London. Dramatiske skildringar av hendingane som låg til grunn for æresutmerkinga kan du finne i skipsdagbøker og sjøforklaringar i Nortraship sitt arkiv. Mange forsvarsarkiv har også informasjon om krigsdekorasjonar, særskilt då Krigsdekorasjonskanselliet sitt arkiv.

Dekorerte norske kvinner. Notraship, Maritime Departement.

Det var mange krigsheltar på havet, og dei fleste var menn. Men også kvinner fekk heider for heltemodig innsats til sjøs. Denne oversikta frå Nortraship, Maritime Department, fortel at eitt år før krigen var slutt, hadde 8 norske kvinner motteke utmerkingar for innsatsen sin. Då krigen slutta, var talet litt større. RA/S-2118 Nortraship, Maritime Departement London, Fd 31.

Sjøfolk overlevde dramatiske torpederingar, gong på gong. Nortraship instituerte eit emblem som blei kalla torpedonåla. Den blei gitt til personar som hadde blitt torpedert ein, to eller tre gonger. I arkiva etter  Nortraship, Maritime Departement, London og New York er det informasjon om dette merket, søknader om tildeling og navnelister over personar som har motteke det. Sjøfolka sette pris på denne heideren og det var mange førespurnader  om erstatning for tapte torpedonåler.

Allierte konvoiar med viktig last kryssa stadig verdshava. Konvoiane som seinvinteren 1942 skulle skaffe den okkuperte øya Malta naudsynte forsyningar var spesielt farefulle og blei kalla dødskonvoiane. Mars-konvoien til Malta blei vurdert som ekstremt risikabel og omtala som sjølmordskonvoien. Norske M/S Talabot og tre britiske fartøy var valde ut til denne overfarten og gjekk ut frå havna i Alexandria den 20. mars. Eskorten var samansett av både krigsskip, jagarar og kryssarar.  M/S Talabot som førte ei høgrisikolast av eksplosivar, var blitt utstyrt med fleire kanonar, mitraljøser og anna krigsmateriell i tillegg til eit militært ekstramannskap.

Den andre dagen i fart blei konvoien oppdaga av tyske rekognoseringsfly. Få timar seinare hadde italienske fly teke opp jakta. Konvoien greidde å kome seg unna, men tunge luftåtak følgde. Seks fly gjekk til åtak og bomberegnet fossa over M/S Talabot. Skipet slapp unna på mirakuløs vis, men to av mannskapet blei lettare skadde av bombesplintar. Om kvelden splitta konvoien seg som avtalt. Kvart skip skulle følgje eigen kurs og freiste nå Malta kvar for seg. Destroyaren som eskorterte Talabot blei angripen ein time etter midnatt, og eit prosjektil for gjennom kjølerommet på båten. Like etter daggry blei Talabot bomba endå ein gong utan skade på skipet. Etter ei svært vanskeleg innsegling til Gran Harbour nådde skipet omsider hamn. M/S Talabot var eitt av to skip frå konvoien som greidde å nå målet med dyrebar last og blei motteke med stor heider i Valetta.

Under lossing den neste dagen starta det eit forrykande flyåtak. M/S Talabot blei truffe og sett i brann. Brannen spreidde seg i skipet og midtskipsdekket blei så raudglødande at mannskapet måtte gå i båtane frå framdekket. Kapteienen lukkast med å få skote hol i skipssida slik at den brannfarlege lasta i forskipet kom under vatn. Dette hindra ein større eksplosjon som kunne fått grufulle følgjer.

Einaste kvinne om bord var salongjenta Margit Johnsen. Kaptein Albert Toft som vel visste kva farefull ferd som venta, tilbaud Margit å mønstre av før avreise frå Alexandria. Den norske konsulen der hadde også rådd henne sterkt frå å reise. Men Margit sa at det ikkje var verre for henne å døy enn det var for dei andre og takka nei til å mønstre av. Margit hadde opplevd sitt første krigsforlis alt i juni 1940 då M/S Tudor gjekk ned etter bombeangrep.

Margit Johnsen mottar British Empire Medal

Høytidelig dekorering av en del av mannskapet fra M/S Talabot. Salongjenta Margit Johnsen frå Ålesund står i sentrum med serveringsforkle og tar imot British Empire Medal av admiral J.S. Ritchie. Modige Malta-Margit ble samtidig også tildelt Krigsmedaljen og St. Olavsmedaljen med ekegren. Hun er enaste kvinne av i alt 779 personar som har fått denne høye utmerkelsen. Margit Johnsen hadde tidligere også mottatt Distinguished Service Cross på Malta. (PA-1209 NTBs krigsarkiv, Uf-123)

”Under angrepene var hun rundt med kaffebrettet sitt, smilende og tilsynelatende uanfektet viste hun meg en granatsplint hun hadde i lommen og som hadde truffet stålhjelmen som hun, liksom vi andre hadde på hodet. Hun var i det hele tatt et strålende eksempel på mot og koldblodighet.”

Med desse lovorda søkte kaptein Toft om heidersutmerking for Margit Johnsen.

Kaptein Toft og messejenta Margit Johnsen var dei siste som forlet skipet i Valetta, sistnemnde med ein forskremt skipskatt i famnen. Vel i land rigga Margit Johnsen seg til med koppar og kar, klar for ny innsats. 















 

 

Relevante arkiv i Arkivportalen

S-3567 Handelsdepartementet i London

S-3545 Direktoratet for sjømenn, seriene Gah-Ghh

S-2118 Nortraship London, Maritime Department  

S-2131 Nortraship New York, Maritime Department

S-2168 Nortraship Uordnet/uregistrert materiale. Skipsdagbøker .Seriene Skipsdagbøker og Sjøforklaringer

RAFA-5156 Krigsdekorasjonskanselliet