Rekvirerte skulebygg

Det var fleire forhold som førte til at undervisning og eksamensavvikling ikkje kunne gå som normalt. Evakuering, bombing og øydelagde skulebygg var ein realitet mange stader. Situasjonen var spesielt vanskeleg i Nord-Noreg. Det største problemet var likevel at tyske Wehrmacht under heile krigen rekvirerte eit stort tal skulebygg til eige bruk. I arkivet til KUD, 2. skulekontor E, (F, 10 og 11) finn vi atskilleg korrespondanse og rapportar om tyskarane si beslaglegging av skulebygg. Undervisninga måtte i slike tilfelle ofte haldast i uskikka erstatningslokale. Talet på skuletimar blei mange ganger vesentleg redusert, og undervisninga kunne til og med bli heilt avlyst i periodar.

 

Privathjem benyttet som klasserom

Når tyskarane rekvirerte skulebygningar måtte det skaffast andre lokale til undervisning. Kyrkjelydshus, forskjellige forsamlingslokale, tomme butikklokale eller som her, private heimar, blei nytta som klasserom. Når elevane fekk tilgang til skulebygningen igjen, var den ofte ramponert av tyske soldatar. /NSBs krigsarkiv, RA/PA-1209 UE/108/Skolen.


Brenselsferie

Ressursmangel gjorde at det var vanskeleg å varme opp skulebygningane. Såkalla brenselsferie blei utskriven i periodar med kulde og vanskelege fyringsforhold. Saker om brenselsferie er dokumenterte i KUD, 2. skulekontor E, serie F, eske 4. I februar 1942 blei det utskriven landsdekkjande brenselsferie, men dette var eit påskot frå NS-styresmaktene fordi dei ønskte tid til å handtere lærarkonflikten som nett då blussa opp for fullt. Det presset lærarane vart utsette for frå styresmaktene si side (sjå tema ”Lærarane sin motstandskamp”) gjekk sjølvsagt også ut over læringssituasjonen fordi det førte til tidvis tap av lærarkrefter på grunn av arrestasjonar eller undervisningsforbod. I katalogane til dei nemnde arkiva er det ei rekkje inngangar til tematikk omkring skulekonflikten og problema med å halde undervisninga i gang.

 

Skriv om Den nyeste tids historie

I juni 1941 kom det ei melding frå Reichskommisariat Hauptabteilung für Volksaufklärung und Propaganda om å forby band III i Bergsgårds og Eskelands ”Den nyeste tids historie” fordi boka hadde ei skjemmande framstilling av Tyskland og nabolanda si nyare historie. Forbodet blei straks sett i verk. Forlaget Cappelen sende etter dette eit korrigert manus til departementet i håp om å få det godkjent. Men det fall ikkje i god jord hos departementet sin fagekspertise at omgrep som terrorisme og mord blei brukte i samanheng med Hitler sitt styre i Tyskland. Ragnar Skancke slutta seg til den faglege ekspertisen og ga si påteikning. Samtidig uttrykte han tvil om forfattaren Arne Bergsgård sine motiv. Bergsgård var då også ein aktiv motstandsmann (S-1022 KUD, 2. Skulekontor E, Serie F, eske 9, mappe ”Forbudte lærebøker og engelske lesestykker”).


Motstand mot NS

Motsetningsforholdet mellom NS-tru lærarar og elevar på den eine sida og lærarar og elevar som var imot nyordninga på den andre, finn vi dokumentert blant anna i 2. skulekontor E, serie F, eskene 1 og 2. Ein vil her eksempelvis finne meldingar og rapporteringar om undervisning som på ein eller annan måte gjekk på tvers av dei nazistiske ideala. Det var vanleg at elevar meir eller mindre skjult markerte haldning mot NS-regimet. I ovannemnde arkiv, eske 9, finn vi for eksempel saksdokument som gjeld masseutvising og sanksjonar mot elevar frå Ullern og Hegdehaugen skular etter politiske demonstrasjonar.

Arkivet etter KUD, Ministerens kontor, inneheld ein del om skuleadministrasjon under okkupasjonen. Serie Ec Skolesaker, Universitetet, er delvis ordna etter skuledistrikt og inneheld korrespondanse og saksdokument om tilsetjing og avskjed av lærarar, oppnemning av styreformenn, disiplinærsaker, skulebygg, stipendium og eksamenar.

Den einskilde skulen var kommunalt organisert og det vil difor vere informasjon i kommunearkiva.

Eit rikhaldig arkiv etter Noregs Lærarlag er bevart og vil bli avlevert i løpet av 2010.

Relevante arkiv i Arkivportalen

Kirke og undervisningsdepartementet 4. Skolekontor M/Dc/10  

Kirke og undervisningsdepartementet, 2. Skolekontor E/F Saker fra 2. verdenskrig  

Kirke- og undervisningsdepartementet, Ministerens kontor/Ec Skolesaker og universitetet  

Reichskommisariat, Hauptabteilung Verwaltung. Zentralabteilung, pakke 43 angående rekvireringen av Oslo Handelsgymnas vurdering av bruk som lokaler for RK