Kristent Samråd

Hausten 1940 blei samarbeidsorganet ”Kristent Samråd” danna. Biskopane og leiarane av frivillige kristne organisasjonar samla seg dermed i kampen mot presset frå nyordninga. Rådet sameinte liberale og konservative teologar, prestestand og frikyrkjelege forkynnarar i kamp mot fienden. Oslo-biskopen Eivind Berggrav blei både frå kyrkja og nazi-styresmaktene si side vurdert som ein leiarperson i motstandskampen til kyrkja. Privatarkivet hans er ei viktig kjelde til kunnskap om kyrkjekampen. Det innheld ein eigen serie om 2. verdskrig, men også i dei andre seriane i arkivet vil ein finne relevant informasjon. I arkivet etter biskopen på Hamar, Henrik Greve Hille, vil ein særleg i eske 1 og 2 finne interessant informasjon om kyrkjekampen.

 

Klart standpunkt mot NS-staten

Kyrkja sitt syn blei manifestert i ei rekkje viktige dokument. Det første var bispebrevet til kyrkjelydane som kom med ei skarp fordømming av den valdelege framferda til hirda. Vidare følgde protestar mot ungdomstenesta, jødeforfølginga og tvungen arbeidsmobilisering. Kyrkjekampen nådde klimaks våren 1942 etter at NS-regimet, i samband med statsakta, hadde arrangert ei festgudsteneste i Nidarosdomen til ære for Quisling. Domprosten, Arne Fjellbu, blei nekta å halde den ordinære høgmessa si og to veker seinare blei han avsett. Dette førte til at biskopane i landet la ned den statlege delen av embeta sine i protest. 92% av prestane følgde etter. Erklæringar frå prestane er bevarte i arkivet til KUD/Feyling. I dette arkivet vil ein også finne korrespondanse og rapportar om dei dramatiske hendingane i forbindelse med messa, der det blant anna kom til konfrontasjonar mellom politi og ei provosert folkemengd (boks 10).

Langfredag 3. april 1942 utanfor domkyrkja i Oslo

Langfredag 3. april 1942 utanfor domkyrkja i Oslo. Eit tusental menneske hadde møtt opp for å høyre gudstenesta til den avsette biskopen Eivind Berggrav. Men biskopen var nekta å forrette og arrestert av styresmaktene. Folk song ”Gud signe vårt dyre fedreland” og ”Ja vi elsker” i protest utanfor kyrkja. Hird og politi forsøkte forgjeves å spreie mengda. NTBs krigsarkiv/Ue/L0099/Livet i Norge under okkupasjonen. RA/PA-12091.

Forviste prestar

Prestane fortsette i stor grad å skjøtte det arbeidet som ikkje var knytt til det statlege embetet. Reint kyrkjelege handlingar som dåp og gravferder blei framleis forretta, og sakramentet gitt. Ofte heldt presten fram med å disponere kyrkjebygget, nokre ganger saman med ein NS-prest om enn ikkje samtidig. NS-styresmaktene dreiv likevel utstrakt kontroll med innhaldet i gudstenestene og overvakte prestane sine haldningar og handlingar. Prestar som openbert blei vurderte som ein trussel mot nyordninga, blei forsøkt hindra frå å verke gjennom bortvising, oppseiing eller arrestasjon. 127 prestar blei forviste frå kyrkjelydane sine, 93 blei fengsla. Mange blei forviste til Lillehammer og internerte på Helgøya i Mjøsa. Statspolitiet fekk ordre om å halde prestane unna kyrkjelydane sine. Statspolitiet stod bak arrestasjonar av prestar og hadde vakthald utanfor kyrkjene. Ei rekkje slike saker finst dokumenterte i arkiva etter organet. Rapportar om innhaldet i gudstenester og korrespondanse og saksdokument om ”illojale” prestar finst også i KUD/Feylings arkiv.

Økonomisk kyrkjefront

Nedlegginga av det statlege embetet medførte at prestane ikkje mottok lønn. Det blei sett i gang eit organisert arbeid for å skaffe prestane økonomisk kompensasjon. Arkivet til leiaren for Den økonomisske kyrkjefronten, Sam Knutzen, er hos oss. Her finst det blant anna manus av Berggrav, oversikter over prestar som la ned embeta sine og prestar som ikkje gjorde det. Opprop, avskrifter av brev, rapportar frå landsdelar, korrespondanse mellom prostia, bispedømma og LL, oversikter over utbetalingar av kontantstønad til prestane, og oppgåver frå prestane. I arkivet finst også eit samandrag skrive av Sam Knutzen etter krigen basert på prestane sine oppgåver.

I juni 1944 gjekk dei forviste prestane i Lillehammer saman i ”Forviste presters arbeidsutvalg”. Utvalet arbeidde med ei rekkje saker som ville bli aktuelle i samanheng med ein komande fred og hadde fleire komitéar i arbeid. Det finst eit eige arkiv etter dette utvalet.

Når det gjeld lokale forhold, kan ein finne dokumentasjon i arkiv etter prestekontor og sokneråd.

Protestbrev til Qusling frå "Den midlertidige kirkeledelse"

”Den midlertidige kirkeledelse”, den norske kyrkja si leiing etter brotet med NS-staten, protesterte i brev til ministerpresidenten mot lov om nasjonal arbeidsinnsats, som blei sett som eit forsøk på å mobilisere norsk ungdom til krigsinnsats for Tyskland. Skriftet blei mangfaldiggjort og sendt til prestar landet over. Det var svært upopulært hos NS og den tyske okkupasjonsmakta. Ei veke etter at skrivet kom til ministerpresidenten, blei Hallesby og Hope arresterte og sende til Grini. Den midlertidige kirkeledelse måtte fortsette arbeidet sitt i løyndom til frigjeringa. (KUD/Feyling, boks 4, mappe ”Den midlertidige kirkeledelsen”.

 

Relevante arkiv i Arkivportalen

Kirke og undervisningsdepartementet, Kontoret for kirke og geistlighet A /Da 399-407, Dc 92-94-98, Dc 478-482

Kirke og undervisningsdepartementet, Ekspedisjonssjef Sigmund Feyling  

Statspolitiet Oslo/hovedkontoret  /F Boks 68 og 69 og Serie C/Ck/Ckd/ Boks 58 Kirkestriden fire registre og C/Cc/Ccb/boks 23 Saksjournal avd. 5A nr. 1-378

Knutzen, Sam  

Berggrav, Eivind

Hille, Henrik Greve  

Nes prestearkiv Ea 6/1  

Larvik Sokneprestkontor Yb, 1/9  

Gjerstad Sokneprestkontor, serie Ff, boks 0012 ”Kirkekampen”  

Andre arkiver

AS/42 / Forviste presters arbeidsutvalg (Statsarkivet Hamar, elektronisk arkivliste ikke tilgjengelig)