Ei uthòla statskyrkje

Dei kyrkjepolitiske representantane til NS-staten nekta å ta inn over seg den totale utholinga av statskyrkja som embetsnedlegginga til prestane medførte. Dei godtok ikkje at embetsnedlegginga i realiteten var eit brot, men såg den som ein opposisjon innan rammene til statskyrkja. Prestane blei omtalte som ”streikande”. Embetsnedlegginga blei vurdert som ulovleg og dermed ugyldig. I den nærmaste tida blei det gjort forsøk på å forhandle med dei ”illojale”prestane. Dernest nytta ein ulike tiltak for å få dei opprørske prestane under kontroll. Desse tiltaka kunne vere avsetjing, bortvising eller arrestasjon.

 

Beretning om manglande opplsutning

Biskopane sende inn rapportar til departementet for kvar månad. Problem som går igjen er manglande oppslutning, demonstrasjonar fra kyrkjelydane og vanskar med å fylle kyrkjelege posisjonar. RA/S-1006, Førerens og ministerpresidentens kanselli, L0072/18)

 

Prestemangel og ny lovgivning

Samtidig dreiv NS-staten eit langsiktig planleggingsarbeid for å byggje opp ei NS-kyrkje basert på lojale medlemer. Ei rekkje omorganiseringar og lovendringar blei gjennomførte. Landet blei inndelt i 10 bispedømme mot tidlegare 7. Samtidig var det mangel på gode bispeemne. Sommar og haust 1942 blei 4 biskopar ordinerte. Dei andre NS-biskopane blei ikkje ordinerte, men fungerte i embeta krigen ut. Deretter begynte arbeidet med å skaffe lojale prestar til kyrkjelydane. Den norske kyrkja hadde 745 prestetenester og NS-kyrkja hadde på det meste ca. 60 prestar til rådvelde. For å styrkje rekrutteringsgrunnlaget blei det innført ei lov 7.4.1942 som gav høve til å utnemne kvalifiserte lekmenn utan teologisk embetseksamen til geistlege embete. Det viste seg likevel vanskeleg å finne nok prestar også på desse premissane. Fram til frigjeringa blei 32 prestar ordinerte på dette grunnlaget. For å fylle dei tomme stillingane fekk ein prest ha fleire prestestillingar.

 

Tomme benkerader

Dei få NS-lojale prestane som fanst blei i stor grad boikotta av kyrkjelyden. Det var vanleg med tomme benkerader under gudstenestene. Folk flest søkte til dei illojale prestane når det gjaldt barnedåp, konfirmasjon og gravferd. Isolasjon og trakassering prega mange NS-prestar sin kvardag.

 

Tomme benkerader når NS-prester forretter

Einsamt arbeid: Kyrkjelydane boikotta gudstenester haldne av NS-prestar. Dette biletet av en NS-prest som forrettar for berre ein tilhøyrar i Sæbø kyrkje i Hjørundfjord blei teke i smug og smugla ut av landet. RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ue/108/ Kirkefront.

Arkiv

Kyrkje- og undervisningsdepartementet var NS-staten sitt organ for behandling av kyrkjesaker. Det er i arkiv herifrå at vi finn den mest sentrale dokumentasjonen om NS-kyrkja. I Kontoret for kirke og Geistlighet A er det eit omfattande materiale som inkluderer journalar, referatprotokollar og korrespondanse.

Ekspedisjonssjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet var tidlegare prost i Dalane, Sigmund Feyling. Hans kompetanse på teologiske spørsmål og kyrkjelege forhold gjorde at han fekk ei sentral rolle i NS-staten si behandling av kyrkjesaker. Saker som Feyling hadde til behandling som ekspedisjonssjef er ordna i eit eige delarkiv. I emneordna mapper finn vi blant anna lovarbeid, arbeidsdokument om ny kyrkjeorganisasjon, korrespondanse, rapportar frå NS-biskopane, forskjellige lister over presteskapet, protokollar frå kyrkjelege rådsmøte, saker om utnemningar av biskopar, og dessutan utnemningar av personar utan embetseksamen til kyrkjelege embete. Dei sistnemnde sakene er ordna alfabetisk etter namn.

Det finst også heilt sentral dokumentasjon som gjeld rettssakene som blei førte mot Sigmund Feyling og kyrkje- og utdanningsminister Ragnar Skancke under oppgjeret etter krigen. Blant anna vil ein i Feyling-saka finne innrapporteringar frå biskopar. L-saker mot NS-lojale biskopar og prestar gir også viktig informasjon.

I arkivet til Førerens og ministerpresidentens kanselli er det også dokumentasjon som gjeld NS-staten si administrering av kyrkjespørsmål, blant anna korrespondanse med Kyrkjedepartementet og innrapporteringar frå NS-biskopar.

Relevante arkiv i Arkivportalen

Kirke- og undervisningsdepartementet, Kontoret for kirke og geistlighet A

Kirke- og undervisningsdepartementet, Ekspedisjonssjef Sigmund Feyling  

Førerens og ministerpresidentens kanselli , serie E/60-61 F/72