Militærattacheane i Stockholm dekka alle 3 våpengreinene, og var den øvste styresmakta for dei militære styrkane i Sverige. Arkivet inneheld opplysningar om Reservepolitiet, også kalla Polititroppane. Denne styrken blei bygd opp for militær innsats ved frigjeringa av Noreg.

Som eit taktisk trekk, blei treningsleirane for Reservepolitiet kalla ”helseleirar.” Organiseringa av desse kom i gang frå hausten 1943, og alle norske menn i vernepliktig alder (18-45) blei mobiliserte. Tenesta var likevel basert på frivillig deltaking. Ved frigjeringa av Noreg talde Reservepolitiet 15 000 mann.

Arkivet etter Reservepolitiet følgjer den avdelingsvise strukturen til Reservepolitiet. Det er også ein bataljonsbolk. Til saman var det ni bataljonar og ein støttebataljon.



Ein av dei norske reservepolitiforlegningane var i Gottröra i Uppland. Her poserer ein av forlegningen sine ordonnansar.

Ein av dei norske reservepolitiforlegningane var i Gottröra i Uppland. Her poserer ein av forlegningen sine ordonnansar. NTBs krigsarkiv RA/PA-1209/UC/L0069

Militærattacheane i Stockholm blei oppretta av eksilregjeringa i april 1940. Det var til saman tre attachear: Militærattacheen, Marineattacheen og Flyattacheen. I legasjonen blei desse kalla  Militæravdelingen eller Militærkontorene.

I arkivmaterialet etter militærattacheane finn ein journalar, kopiar av utgåande brev og saksarkiv. I sistnemnde er det ein brei tilgang av dokument, blant anna frå militære representantar ved mottaket på Kjesäter, personellpapir, politikurs, avansement for befal ved reserve- og ordenspoliti, forskjellige forhold i leirane og diverse rapportar.







 

Relevante arkiv i Arkivportalen

Utenriksstasjonene, Legasjonen i Stockholm, Militæravdelingen og Luftattacheens kontor  

Militærattacheene i Stockholm  

Reservepolitiet i Sverige