Men ikkje alle kom seg over til trygg hamn. I kampane som følgde etter invasjonen, blei panserskipa ”Eidsvold” og ”Norge” senka med store tap.

I Storbritannia blei det oppretta fleire marineavdelingar, blant anna i Port Edgar, Edinburgh, Devonport og Scalloway. I 1941 blei Sjøforsvarets skyttaravdeling for handelsflåten (SSH) oppretta. Den var lokalisert i Dumbarton og hadde som oppgåve å utdanne marinepersonell som blei plassert som skyttarar på handelsfartøy. Til saman 2240 mann blei utdanna til slik teneste under krigen.

Det var mange operasjonar langs norskekysten. The Norwegian Naval independent Unit, også kalla Shetlandsbussane, frakta våpen, utstyr og flyktningar. I løpet av krigen fekk marinen fleire fartøy frå britiske styresmakter, mellom anna fem jagarar. Motortorpedobåtane var spesielt egna til angrep på tyske skip langs norskekysten.

Om lag 30 kvalskuter blei ombygde til eskortefartøy eller marinesveiparar. Minesveiparane opererte i Persiabukta, Suez og Middelhavet. Mineleggjarar opererte i den britiske kanalen og la ut miner utanfor den franske kysten.

Slaget om Atlanterhavet førte med seg store offer, ikkje minst i 1942 då mange skip gjekk tapt, dei fleste på grunn av angrep frå ubåtar. Omslaget for dei allierte kom i 1943 då tyskarane var på vikande front i Atlanterhavskrigen.

Stord” deltok i senkinga av det tyske krigsskipet ”Scharnhorst” i desember 1943 og landgangen i Normandie i juni 1944

Destroyaren ”Stord” blei bygd i Storbritannia og overteken av den norske marinen i august 1943. ”Stord” deltok i senkinga av det tyske krigsskipet ”Scharnhorst” i desember 1943 og landgangen i Normandie i juni 1944. NTBs krigsarkiv/RA/PA-1209/Ua/26.


Gjennom krigsåra leid marinen store tap. 650 personar miste livet i eksilperioden, i tillegg til dei 300 som fall under kampane i Noreg 1940. Det vil seie at kvar sjette person i aktiv sjøteneste miste livet. Miner og bombing frå fly var ein konstant trussel. Sjøfolka var utsette for store påkjenningar. Harde vêrforhold, liten søvn og ein konstant trussel om fiendtlege angrep sette sine spor. Mange fekk psykiske plager etter krigen.


Dei norske motortorpedobåtane gjennomførte mange angrep på tyske skip ved norskekysten.

Dei norske motortorpedobåtane gjennomførte mange angrep på tyske skip ved norskekysten. Dei gjorde også teneste langs den engelske kysten. RA/PA-1209/NTBs krigsarkiv/Ua/27.

Den mest omfattande dokumentasjonen om Marinen i krigsåra finn ein i arkivet etter Sjøforsvarets overkommando med underavdelingar. Forutan kopiar av utgåande brev og journalar, er det eit sakarkiv som blant anna inneheld sirkulære og etterretningsrapportar. Vidare er det dokument som omhandlar krigsfangar, krigsforlis, krigsoppsetjingsplanar, dekorasjonar, befal, menige, tokt-rapportar (fartøy), personell, økonomi, jurisdiksjon og koordinasjon.



Relevante arkiv i Arkivportalen

Forsvaret, Sjøforsvarets overkommando med underavdelinger

Forsvaret, Marineavsnitt Kirkenes  

Forsvaret, Distriktsforvaltningskontoret, Horten  

Forsvaret, Marinens artilleri  

Forsvaret, Sjømilitære korps, Håndverkskorpset og Minekorpset  

Forsvaret, Sjøforsvarets / Marinens minevesen  

Forsvaret, Marinens overkommando