1941 blei Politikontoret etablert. Kontoret som låg ved legasjonen skulle ta seg av overvaking, tryggingsteneste og kontraspionasje. Året etter blei kontoret omorganisert med nytt namn: Rettskontoret. Bakgrunnen for omorganiseringa var behovet for meir kontroll med flyktningane. Kontoret skulle også føre kontroll med tilsetjingar, observere opposisjonelle flyktninggrupper (kommunistar) og dessutan førebu landssvikoppgjeret etter krigen. Kontoret var først underlagt Militærattacheen, men kom same år inn under Justisdepartementet i London. I 1943 blei Rettskontoret gruppert i fleire underavdelingar som administrerte forskjellige verkeområde, blant anna overvaking og flyktningproblematikk.

Arkivet etter Rettskontoret inneheld inn- og utgåande korrespondanse frå Passkontoret si rettsavdeling, innregistrering av norske flyktningar, søknader om pass, visum og innreiseløyve til Noreg.

En nyankommen flyktning avgir forklaring på Rettskontoret på Kjesäter.

Originalteksten bak på bildet lyder: En nyankommen flyktning avgir forklaring på Rettskontoret på Kjesäter. Det hender at nazister, partimedlemmer og frontkjempere melder seg som flyktninger, men disse avvises og interneres i svenske leire for quislinger. NTBs krigsarkiv RA/PA-1209/Uc/69.


Forsvarsdepartementet si etterretningsteneste var eit bindeledd til den britiske etterretningstenesta. FD/E skulle samle inn opplysningar om forholda i Noreg og samarbeide med dei hemmelege organisasjonane som var under oppbygging der. I arkivet finst fleire opplysningar frå Stockholm med årsmeldingar, rapportar, personell med meir.

I arkivet etter militærattacheane i Stockholm er det etterretningsrapportar. Det er det også i arkivet etter Rikspolitisjefen, som elles har eit breitt tilfang av materiale. Noko omhandlar etterforsking av personar mistenkte som unasjonale. Rikspolitiet bestod av 1500 mann. Skule og forlegning låg i Gottröra. Polititroppane deltok i frigjeringa av Finnmark i oktober 1944.

Relevante arkiv i Arkivportalen

Legasjonen i Stockholm, Rettskontoret  

Militærattacheene i Stockholm  

Rikspolitisjefen  

Forsvarsdepartementet 1940-1945