Fra en av de norske skvadronene i Storbrittania

Frå ein av dei norske skvadronane i Storbritannia. Kartet blir studert før eit tokt over Frankrike. NTBs krigsarkiv/ Ua/35

Norske styresmakter i eksil hadde som mål å frigjere Noreg frå okkupasjonsmakta. Den norske eksilregjeringa etablerte seg i London. I Sverige blei det bygd opp eit omfattande administrativt apparat som mellom anna skulle ta seg av alle flyktningane der, drive etterretning og lære opp personell til militær innsats.

Flyvåpenet blei organisert med treningssenter i Canada og stridseiningar i Storbritannia. Marinen var fullt mobilisert ved invasjonen 9. april 1940. Den norske handelsflåten utanfor tyskkontrollert område blei administrert av det statsdrivne rederiet Nortraship som hadde hovudkontor i London og New York.