det synes iallfall aa väre paa det rene at minst 295 studenter er overfört til Tyskland. Det gjelder da i förste rekke aa faa rede paa hvor disse studenter er internert, om mulig hvilke forhold de lever under og spesielt hvorvidt det er mulig aa faa sendt den hjelp i form av levnedsmidler, klär etc.

Politirapport etter forsøk på å anholde Gudmund Harlem

I aksjonen mot Universitetet i Oslo den 30. november 1943 blei om lag 1200 studentar tekne. Det var likevel ein del som kom seg unna. I løpet av hausten skjerpa frontane ved universitetet seg og Statspolitiet gjorde fleire arrestasjonar før tyskarane tok over i november. Her er rapport frå ein betjent i Statspolitiet som kl. 6 om morgonen den 15. oktober hadde forsøkt å arrestere medisinarstudenten Gudmund Harlem i heimen hans. Kona til den seinare profilerte politikaren opplyste at mannen var på sykkeltur i byen og at ho ikkje visste kvar han var. Gudmund Harlem kom seg trygt til Sverige, og seinare drog også kona Inga og dottera deira Gro, dit. RA/S-1329 Statspolitiets hovedkontor/Dc/72/sak 2814/43 mappe I.


644 studentar sende til Tyskland

Dette skreiv Noreg sin representant ved Den internasjonale raudekrossen i Geneve i eit brev til Den norske legasjonen i Bern. Brevet som finst i legasjonen sitt arkiv, er datert den 20. desember 1943, altså tre veker etter den tyske aksjonen mot Universitetet i Oslo då om lag 1200 studentar blei arresterte. Arkivet har også andre brev som gir uttrykk for uro for dei arresterte studentane, spesielt etter at det blei kjent at dei var sende til Tyskland. 

Det var til saman 644 studentar som blei sende til Tyskland etter denne aksjonen. Det var omtrent halvparten av alle arresterte. Dei andre blei etter kvart sleppte fri, dels mot meldeplikt. 

I arkivet til Kollegiet ved Universitetet i Oslo er det søknader om frigiving av mange hundre av dei arresterte studentane. Det var gjerne foreldra som skreiv og dei la med attestar frå lokale instansar, eventuelt arbeidsgivar eller lege, i håp om å få sett fri sønene sine. Arkivet har også lister og kartotek over dei arresterte studentane. 

Liste over deporterte studenter

Etter at universitetsrektor Didrik Arup Seip blei avsett i 1941, innsette NS-styresmaktene professor Adolf Hoel som rektor. Han var NS-medlem og blei etter krigen dømt bl.a. for at han lét seg utnemne til rektor. Eit formildande forhold var at han som rektor arbeidde aktivt for å hjelpe dei studentane som blei sende til Tyskland. I privatarkivet hans, som er avlevert til Riksarkivet, finst bl.a. ei liste over desse studentane. Her er den siste sida i lista. Nedst på sida har han forsøkt å summere talet på deportere studentar. RA/PA-1210 Adolf Hoel/D/0003


Også i arkivet til Den norske raudekrossen finst det eit kartotek over studentane som kom til Tyskland, og i arkivet etter NS-rektoren ved Universitetet i Oslo, Adolf Hoel, ligg det også ei liste over studentane.

Internerte i Sennheim og Buchenwald

Om lag 290 av studentane som blei sende til Tyskland, kom til ein SS-skule for frivillige, ”St. Andreas” i Sennheim i Elsass som nå høyrer til i Frankrike. Dei andre blei sende til konsentrasjonsleiren Buchenwald. Der blei dei først behandla som ordinære fangar før dei fekk meir positiv særbehandling som internerte. 

Korrespondanse mellom Johanne Seip og Finn Koren

I tillegg til studentar, blei også ein god del vitskapleg personale ved universitetet arrestert. Det gjaldt bl.a. universitetet sin rektor Didrik Arup Seip. Han blei avsett i 1941 og sat på Grini til våren 1942 då han blei send til Tyskland for resten av krigen. Han sat først som fange i Sachsenhausen og var der fram til jul same året. Då blei han sett fri, men måtte vere i Tyskland der han til ein viss grad fekk høve til å forske. Han budde saman med familien sin og heldt nær og regelmessig kontakt med norske eksilstyresmakter i form av brevveksling med Den norske legasjon i Bern. Det var spesielt kona hans som stod for denne korrespondansen og i legasjonen sitt arkiv kan ein nærmast frå veke til veke følgje familien sin spesielle livssituasjon i denne tida. Her eit postkort datert 25.11.1943 frå Johanne Seip til Finn Koren i legasjonen. RA/S-2674 Utenriksstasjoner, Legasjonen i Bern/D/60/5.


Tyskarane hadde frå først av eit håp om å kunne omvende dei norske studentane til det nazistiske livssynet. Studentane blei langt betre behandla enn for eksempel politiske fangar i tukthus og konsentrasjonsleirar. Til ein viss grad fekk dei fortsetje studia. Ein del medisinarstudentar som var komne langt i studia sine blei for eksempel sende til Freiburg for å studere mens andre blei sette i arbeid ved ulike sjukehus og lasarett. Dei fekk også motta pakkar og brev. 

Vanskar mot slutten av krigen – 17 døydde

I oktober 1944 var alle studentane samla i Sennheim. Krigsutviklinga med tyskarane på defensiven gjorde situasjonen vanskelegare for studentane. Dei blei flytte og mange opplevde vanskelege tider med lange vandringar og dårleg med mat og tøy. Mange blei sette til å grave skyttargraver eller utføre anna krigsrelevant arbeid, noko som medførte ein del protestaksjonar og stridar med tyskarane. 

Situasjonen for studentane på denne tida er til dels utførleg skildra i rapportar og brev frå studentar. Slikt materiale er bevart i arkiva etter Bjarne Gran og Jon O. Norbom. Det finst dessutan informasjon i arkivet etter Den norske legasjonen i Bern om eksilstyresmaktene og Den internasjonale raudekrossen sine forsøk på å halde oversikt over studentane og gi dei hjelp. 

Hausten 1944 blei ein del studentar heimsende ved eit "juleamnesti" pga. sjukdom. Dei fleste blei likevel haldne internerte inntil dei blei sende heim via Sverige på vårparten 1945. Til saman 17 av studentane døydde av ulike årsaker under opphaldet i Tyskland.

Relevante arkiv i Arkivportalen

Universitetet i Oslo, Kollegiet/Fe/16-20  

Utenriksstasjonene, Legasjonen i Bern, Sveits/D/58-61  

Norges Røde Kors/Fgb/409-2  

Bjarne Gran  

Jon O. Norbom  

Adolf Hoel