Frykt for økonomisk kaos og massearbeidsløyse. To viktige nemnder

De herska stor frykt for at bedriftene skulle stanse på grunn av mangel på råstoff eller tap av marknader, og at dette ville føre til massearbeidsløyse. Administrasjonsrådet oppretta derfor tidleg i mai 1940 to utval som skulle sikre produksjon og handel: Nemnda for Industri og Omsetning (NIO) og Nemnda for Varebytte.

Kartlegging av norsk næringsliv

Det blei sett på som særleg viktig å få i stand eksportavtalar med Tyskland. NIO og Varebytenemnda samarbeidde med næringslivet for å lage ei oversikt over kva ein frå norsk side ønskte å levere til Tyskland. I samband med dette blei det samla inn detaljerte opplysningar om norske bedrifter. Dette blei gjort gjennom bransjeorganisasjonane ved hjelp av spørjeskjema. Okkupasjonsmakta fekk også tilgang til desse opplysningane. I arkivet etter Forsyningsdepartementet, Nemnda for Industri og Omsetning, er det spørjeskjema ordna etter bransje.

Pakking av sild

Svært mykje av norsk fiskefangst blei eksportert til Tyskland der kaloribehovet var stort. Biletet viser pakking av sild. Den tyske teksten bak på bildet er slik: ”Heringe mit Eisgemisch werden in Kisten gestuerzt und sodann vernagelt. Versandfertig.” Bildarchiv Reichskommissariat. RAFA-3309-43-10-333


Arkivet til nemnda for Industri og Omsetnings arkiv - eller ”arkivet som forsvann”

Mens Administrasjonsrådet blei avskaffa av Reichskommissar Terboven i september 1940, fortsette NIO til mars året etter. Etter krigen blei arkivet til nemnda etterlyst, bl.a. av Undersøkelseskommisjonen av 1945. Det skulle ha bestått av 3-5 jernskap, som etter nedlegginga av NIO blei flytte til Forsyningsdepartementet. Men arkivet var og er borte. Eit av NIO sine styremedlemer, dir. C.W. Eggjar, omtalte arkivet i eit notat i samanheng med drøftinga av NIO i stortingets protokollkomité i 1948. Han karakteriserte arkivet som svært stort og opplyste at det fanst utførlege referat frå møte, konferansar osv. mellom nemnda og norske organ, delegasjonar og personar. Det same gjaldt for tyske organ og personar.

Referat frå møta i nemnda fram til september 1940 var likevel i behald hos nemnda sin leiar, advokat Einar Sunde. Dei finst nå i arkivet etter Oslo politikammer. Her ligg det også rapportar frå næringslivet sine bransjeorganisasjonar, baserte på NIO sitt spørjeskjema (som tidlegare nemnt finst dei originale spørjeskjemaa i arkivet etter Forsyningsdepartementet, Nemnda for Industri og Omsetning).

Materiale om NIO finst også i arkivet etter motstandsmannen Peter Munthe-Kaas, og i arkivet til Undersøkelseskommisjonen av 1945 ligg bl.a. ei kritisk innstilling om NIO frå stortingets protokollkomité.

Arkivmateriale frå Nemnda for Varebytte

I fellesarkivet etter Direktoratet for eksport- og importregulering i Handelsdepartementet kan ein bl.a. finne møtereferat for Nemnda for Varebytte, og importoppgåver innhenta av Norges Handelsstands Forbund tidleg under krigen. I arkivet etter direktør Bjerke i det same direktoratet kan ein lese ei rekke varebyteavtalar og forslag til eksportkvotar.

Hauptabteilung Volkswirtschaft – det viktigaste økonomistyringsorganet til tyskarane

Fra en skofabrikk i Oslo. På grunn av lærmangel ble det brukt erstatningsmaterialer som fiskeskinn, papir og trebunner.

Det var stor etterspørsel etter fottøy, men nye sko var mangelvare og kunne berre kjøpast etter tilvisning. Dei gamle måtte reparerast så langt det lét seg gjere. På grunn av lærmangel blei det brukt erstatningsmaterialar som fiskeskinn, papir og tresolar. Biletet er frå ein skofabrikk i Oslo. Bildarchiv Reichskommissariat. RAFA 3309-43-7-92.

Hauptabteilung Volkswirtschaft (HAVO) i Reichskommissariat var det tyske organet som hadde mest å gjere med norsk næringsliv. Avdelinga har etterlate seg eit stort arkiv med opplysningar om norsk næringsliv generelt og om enkeltbedrifter. HAVO, næringslivet og dei departementa som behandla næringslivsspørsmål, samarbeidde utan store konfliktar. HAVO si oppgåve var å utnytte ressursane i norsk næringsliv til beste for den tyske krigføringa og meinte at dette best kunne skje gjennom frivillig samarbeid frå norsk side. NS-eksperiment med nyordningar i næringslivet var derfor ikkje av interesse. Slikt ville berre skape motstand blant norske næringslivsleiarar.

Tyskarane ville halde NS utanfor dei viktige økonomiske kommandopostane

Fram til 1942 var dei tre viktigaste departementa for næringslivsspørsmål leia av kommissariske statsrådar som stod utanfor NS: Finansdepartementet, Handels- og industridepartementet og Forsyningsdepartementet. Tyskarane ønskte det slik. Desse statsrådane var dyktige fagfolk og dei representerte dessutan ein forsiktig og tradisjonell økonomisk politikk. Frå februar 1942 blei også desse departementa overtekne av NS, og etter den tida kan det registrerast gnissingar mellom tyskarane og tenestemenn frå NS. Det var fleire årsaker til dette, bl.a. at NS ønskte å markere seg med ein meir sjølvstendig økonomisk politikk. Det gjekk nok også opp for partiet at det ville bli sett på som medansvarleg i den tyske utbyttinga av norsk næringsliv.



Økonomisk samarbeid utan innvendingar

Då det økonomiske samarbeidet tok til like etter at Noreg blei okkupert, var det ingen vesentlege innvendingar frå norsk hald. På mange område i norsk samfunnsliv oppstod det sterke motsetningar mellom okkupasjonsmakta og fleirtalet av nordmenn. Det var klare normer for korleis ein ”god nordmann” skulle oppføre seg. Men på det økonomiske området var biletet eit anna. Eit eksempel på det er opprettinga av Deutsche Handelskammer i Oslo hausten 1940. Dei fleste store norske næringslivsorganisasjonar og bedrifter melde seg inn i handelskammeret. På festmiddagane til handelskammeret, bl.a. på Grand Hotel, møttest leiande norske og tyske næringslivsfolk.

Situasjonen for norsk næringsliv var naturlegvis unormal, det var bl.a. problematisk å skaffe råstoff og maskinar. Men det meste som blei produsert, kunne omsettast innanlands eller eksporterast. Entreprenørfirma som bygde tyske anlegg og firma som leverte brakker og byggevarer, tente gode pengar.

Det økonomiske samarbeidet med tyskarane heldt fram gjennom heile okkupasjonstida. Tyskarane fekk hand om byggemateriale og arbeidskraft til anlegga sine, matvarer til soldatane og til sivilbefolkninga i Tyskland. Det var sjeldan nødvendig å bruke tvang eller truslar. Tyskarane var også fornøgde med at næringslivet fungerte relativt velordna og organisert, i motsetning til det som var tilfellet i mange andre land dei hadde okkupert.

Mot slutten av krigen blei det eit meir avmålt forhold mellom okkupanten og norsk næringsliv. Det skuldast truleg både krigen si utvikling og påverknadskrafta til motstandsrørsla, i tillegg til at Tyskland ikkje lenger var i stand til å levere viktige produkt som næringslivet trong.

Produksjon av motordelar

Skipsverfta hadde også nok å gjere. Tyskarane kontraherte nye fartøy og bygde om norske båtar dei hadde rekvirert. Biletet som viser produksjon av motordelar kan vere frå Akers Mekaniske Verksted. Bildarchiv Reichskommissariat. RAFA 3309-43-6-75.


Hans Claussen Korff – aktør og forteljar

Eit par år etter krigen laga leiaren for Abteilung Finanzen i Reichskommissariat, Hans Clausen Korff, eit stort manuskript med tittelen ”Norwegens Wirtschaft im Malstrom der Okkupation”. Korff skildrar mange sider ved næringslivet under krigen. Bl.a. omtalar han dei sentrale aktørane på norsk og tysk side, og konfliktar og samarbeid mellom dei. I stillinga si var han sjølv ein viktig aktør og hadde god oversikt over situasjonen.

Rettsoppgjeret – den økonomiske delen

Etter krigen blei det sett i gang etterforsking av mange firma og personar på grunn av økonomiske band til tyskarane. Dette var dei såkalla økonomiske landssviksakene. Det var ikkje råd å etterforske alle som på ein eller annan måte hadde tent pengar på tyskarane - direkte eller indirekte gjaldt det ein stor del av norsk næringsliv. Påtalemakta konsentrerte seg om forhold som blei karakteriserte som ”utilbørlege”. Om lag 16000 saker blei etterforska. Sakene finst i Landssvikarkivet - som regel med store saksmapper. Men det var få økonomiske landssviksaker som kom så langt som til rettssalen, og enda færre enda med fellande dom. Arbeidarane på dei tyske anlegga blei ikkje straffa eller etterforska.

Dir. Lorentz Vogt, Norges Industriforbund og rettsoppgjeret

I dei store næringslivsorganisasjonane blei det sett i gang interne granskingar. I Norges Industriforbund kom nokre av dei leiande personane i søkelyset. Det gjaldt også forbundet sin direktør fram til 1942, Lorentz Vogt. Vogt blei bl.a. halden medansvarleg for at Industriforbundet ikkje skreiv under oppropet frå 43 næringslivsorganisasjonar til Reichskommissar Terboven i mai 1941. Vogt kom sidan på kant med NS og sat fengsla i lengre tid i Berg interneringsleir ved Tønsberg. Etter krigen engasjerte Vogt seg sterkt i rettsoppgjeret, som han var svært kritisk til. Han forfatta ei rekke avisartiklar og trykksaker, bl.a. ”Det organiserte, offisielle, økonomiske samarbeide med okkupantene” (Oslo 1947). Dette og mange andre av debattinnlegga hans finst i arkivet etter Peter Munthe-Kaas.

Ein seinare direktør i Industriforbundet, Jan Didriksen, utga i 1987 boka ”Industrien under hakekorset, en kritisk framstilling av industriens og Industriforbundets rolle under okkupasjonen.” Mykje av grunnlagsmaterialet for boka finst i arkivet etter Didriksen.

Søkelys på Administrasjonsrådets og statsrådenane sine roller

Dei tre kommissariske statsrådane som ikkje hadde vore medlemer av NS, blei stilte for retten -og frifunne. Sakene finst i Landssvikarkivet.

Administrasjonsrådet og utvala dei hadde oppnemnt, måtte tole kritikk frå Undersøkelseskommisjonen av 1945 på grunn av den økonomiske politikken dei hadde ført overfor tyskarane. Det blei ikkje kritisert at Administrasjonsrådet valde å samarbeide, men kommisjonen peikte på det uheldige ved ein slik framgangsmåte og skreiv i innstillinga si: ”Når slagordet var: hold hjulene i gang, da kunne hjulene lett komme til å dreie også til fiendens fordel.” 

Relevante arkiv i Arkivportalen

Norges Treforedlingsråd

Handelsdepartementet, Dir. for eksport- og importregulering, Dir. Bjerkes arkiv

Handelsdepartementet, Dir. for eksport- og importregulering, Fellesarkivet

Didriksen, Jan Lauritz

Undersøkelseskommisjonen av 1945

Munthe-Kaas, Peter/F/3  

Reichskommissariat , serie Ec Hauptabteilung Volkswirtschaft (HaVo)  

Forsyningsdepartementet, Nemnda for industri og omsetning

Landssvikarkivet

Korff, Hans Clausen