Etter 9. april frykta både fagfolk og folk flest ei alvorleg økonomisk krise. Noreg som var svært avhengig av eksport og import, var nå stengt ute frå dei viktigaste marknadene. Tyngslene tyskarane påførte norsk økonomi var større enn for dei fleste andre okkuperte land, målt i forhold til innbyggjartal. Men det blei inga økonomisk krise. Okkupanten sine enorme anleggsarbeid skapte stor etterspørsel etter arbeidskraft, varer og tenester. I staden for arbeidsløyse blei det mangel på arbeidskraft. Arbeidsmarknaden blei stengt og regulert og arbeidskrafta blei tvangsdirigert. Norsk næringsliv tilpassa seg tilhøva. På det økonomiske området var det få friksjonar mellom okkupert og okkupant.

Okkupasjonen tappa landet for ressursar og etterlét det med nedslitne produksjonsmidlar. Men norsk næringsliv kom ut av krigen både ordna og organisert og mykje av infrastrukturen tyskarane hadde bygd opp, kom til nytte i fredstid.

Fabrikasjon av knottgenerator

Mange kjende produkt forsvann eller blei rasjonerte. Ein måtte då finne alternativ, og nye produkt såg dagens lys. For eksempel skapte bensinmangelen ein marknad for tregassgeneratoren (knott) til motorvogner. Biletet viser fabrikasjon av slike generatorar på Strømmens Værksted. RA/RAFA-3309/43a/4/54.


 Tyske anlegg og ”tyskararbeid”.  Tyskarane dreiv stor byggje- og anleggsverksemd. Mange norske bedrifter og arbeidarar var sysselsette på desse arbeidsplassane.



Okkupanten og norsk næringsliv . På norsk side var det til å begynne med stor uro for at næringslivet skulle gå i stå, men det skjedde ikkje. Ei viktig årsak var at norske styresmakter og firma valde samarbeid, ikkje konfrontasjon.



Lettmetallindustrien.  Tyskarane sine planar for utbyggjing av lettmetallindustri og vasskraft i Noreg var truleg det største sivile prosjektet innanfor tyskkontrollerte område i løpet av andre verdskrig.



Bankvesen, kroner og ”Reichskreditkassenscheine”.  Tyskarane betalte utgiftene sine med pengar som blei trekte frå konto i Noregs bank, til saman nesten tolv milliardar kroner. Etter at krigen var slutt måtte heile pengevesenet sanerast og nye setlar trykkjast/utgis.



Utanrikshandel og forsyningar.  Det meste av utanrikshandelen var såkalla clearing-handel og føregjekk berre mellom Tyskland og statar godkjende av Tyskland.





Sysselsetting og arbeidsformidling . Det var stor uro for massearbeidsløyse, men det blei mangel på arbeidskraft. Styresmaktene avskaffa den frie arbeidsmarknaden og kom med tvangsutskriving og tvangsdirigering i staden.



Arbeidstenesta (AT).  Arbeidstenesta var opphavleg ei frivilleg ordning men den blei overteken av NS-styresmaktene og gjort obligatorisk.