Mørke gater

Også NS-toppen Axel Stang måtte overhalde blendingsforskriftene

Heller ikkje sentrale NS-toppar slapp unna å overhalde blendingsforskriftene. Her ser vi Axel Stang med fleire representantar frå NS sin kvinneorganisasjon. (RA/PA-781/Gb/0009)

Formålet med mørkelegginga var å gjere det vanskeleg for fly å orientere seg slik at bombemål, busetnad og befolkning blei verna. Ansvaret for blendingsforskrifter og oppfølging av dei låg under Kontoret for sivilt luftvern i Justisdepartementet. I dette arkivet vil du finne ein del saker og korrespondanse som gjeld blending. Forskrifter og forarbeid til desse, analysar, oversikter over tid for blending i dei ulike byene og tettstadene, diverse pålegg frå tysk hald, rapportar frå kontrollar og søknader om dispensasjon frå forskriftene. Dei mørkelagde gatene var utrygge å ferdast i. Det var ikkje berre frå bygningar ein måtte forhindre lys, også bilar måtte ha eigne blendingshetter over lyktene. I ovannemnde arkiv kan du også sjå teikningar av ulike alternativ for blending.








Blendingskontrollar

Blendingsforskriftene blei handheva av dei lokale lensmannskontora. Du vil finne saker om blending i fleire lensmannsarkiv, vaktjournalar og rapportar frå blendingskontrollar. Dessutan finn du ein del om blending i ulike lokale sivilforsvarskrinsar.








 

   

Relevante arkiver i Arkivportalen

Birkenes lensmannskontor/Ha/6  

Romsdal politikammer/La/2  

Sør-Audnedal lensmannskontor/Ha

Stavanger politikammer/Ab  

Kristiansand sivilforsvarskrets