Arkivverket har mange små og store arkiv som omhandlar andre verdskrigen i Noreg. Det er ikkje alltid lett å vite kva slags informasjon som finst og kvar denne informasjonen er.

Tyske polititroppar på Karl Johan i mai 1940

Tyske polititroppar marsjerer inn i Oslo i begynnelsen av mai 1940. Bildet er datert 10. mai 1940. RA/PA-1209/Ue0094/4/1

Vi har difor laga ein del tema med tilvisingar til arkiv. Kvart tema inneheld mellom fem og ti artiklar og nokre fotografi eller illustrasjonar. I tillegg er det lenker til andre nettressursar og til relevante arkiv i Arkivportalen. Dette skulle gjere det enklare å finne fram og bruke viktige arkiv med informasjon frå andre verdskrigen.
Planen er at det etter kvart skal lagast temasider om åtaket på Noreg, Nasjonal Samling, statstyret i Noreg, tyskarane i Noreg, motstandskampen og oppgjeret etter krigen.