Motstand eller innordning?

For dei universitetstilsette og studentane var det eit dilemma om dei skulle yte kompromisslaus motstand mot regimet eller følgje ein meir tilpassingsvenleg strategi. Aktiv motstand kunne framprovosere stenging av universitetet og arrestasjon av studentar og personale, ein meir imøtekomande strategi kunne dempe skadeverknadene av NS sin politikk, halde universitetet opent og undervisning og forsking i gang.

 

Overvakning og konfrontasjon

Arrestasjon ved Universitetet i Oslo 30.november 1943

RA/PA-1209 NTB sitt krigsarkiv Ue108 S.2667a

Universitetsmiljøet blei nøye overvaka av styresmaktene, ofte med NS-studentar som informantar. Opposisjon og uro blei ikkje tolt. Studentersamfundet blei oppløyst hausten 1940 etter at det framkom regimekritikk på eit møte der. I september 1941 blei rektor Didrik Arup Seip arrestert saman med fleire professorar. Ytterlegare 11 lærarar og 70 studentar blei arresterte hausten 1943 etter kritikk av eit nytt opptakssystem som favoriserte NS-medlemer. Dette førte til protestar og den endelege konfrontasjonen med NS og okkupasjonsmakta kom etter ein påsett brann i aulaen til universitetet i november 1943. Gestapo gjennomførte ein storaksjon der nær 1200 studentar og mange tilsette blei arresterte. Universitetet blei stengt resten av krigen.

 

Universitetet sine eigne arkiv

Oppfordring til boikott

Det var usemje og uvisse når det gjaldt den organiserte motstanden til studentane. Her eit opprop med oppfordring til boikott av undervising. (Stene, Helga PA-0422/F/Fd/L0023)

Det finst fleire arkiv etter Universitetet i Oslo. Arkivet til Kollegiet er særleg viktig når det gjeld dokumentasjon frå krigsåra. Her vil ein finne brev, saker og forhandlingsprotokollar. Ein eigen serie om universitetet under 2. verdskrig inneheld informasjon om dei spesielle forholda som var då. Arkivet har også kartotek over arresterte studentar og universitetstilsette, rapportar om  forhold ved universitetet og diverse dokumentasjon som gjeld drift og fagleg administrasjon under nyordninga. Det finst dessutan lister over NS-studentar og eit ganske stort materiale om studentar i Sverige.

Serien Studentenes granskingskomité har saker frå oppgjeret etter krigen og serien Universitetets fester omhandlar mellom anna minnemarkeringar for fale studentar.




Departementet sine arkiv

Universitetet blei styrt frå det NS-kontrollerte Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Det er mange arkiv etter dette departementet men i denne samanhengen er det særleg 1. skulekontor D og Ministerens kontor som er av interesse. Førstnemnde arkiv inneheld eit omfattande materiale om universitetet i Oslo i serien Eea. I tillegg til eigenforvaltningssaker finst det lovsaker og professorutnemningar (sistnemnde i eske 452). Eskene 466-467 inneheld dokument som omhandlar etterkrigstida si behandling av studentar som var tilknytte NS. Frå arkivet til Ministerens kontor blei det teke ut mykje materiale til bruk i landssvikoppgjeret. Serie E/Ec om skulesaker og universitet har likevel litt av interesse om drift av universitetet. Dette gjeld spesielt eskene 24 og 26.


Arkiv etter aktive enkeltpersonar

Mange studentar blei seinare aktive samfunnsaktørar og fleire av dei har etterlate seg personarkiv som er viktige kjelder til kunnskap om universitetet under krigen. Som eksempel kan nemnast Anders Bratholm sitt arkiv som inneheld ein serie om universitetet sin motstandskamp med særleg vekt på aula-brannen. I Sverre Steen sitt arkiv er det ei mappe om universitetet under okkupasjonen og Bjarne Gran sitt arkiv har mykje om studentane sin motstandskamp.

Landssvikarkivet inneheld rettssaker mot fleire av dei sentrale makthavarane i NS sin skule- og universitetsadministrasjon. Det finst også eit privatarkiv etter NS- rektoren, Adolf Hoel, som har rikeleg av interesse for universitetet under krigen.

Det finst eit omfattande arkiv etter Studentersamfundet i Oslo. Sjølv om Studentersamfundet blei oppløyst hausten 1940, kan det likevel finnast spreidde saker av interesse i arkivet.

Relevante arkiv i Arkivportalen

Universitetet i Oslo, Kollegiet/Fd Studentenes granskingskomité  

Universitetet i Oslo, Kollegiet/Fe Universitetet under 2. verdenskrig  

Universitetet i Oslo, Kollegiet/Fgb Vitenskapelige stipendier/nr. 13-14  

Universitetet i Oslo, Kollegiet/Fha Universitetsfestligheter /pk 10 og 11/mappene (minnehøytidelighet for falne studenter) Dessuten serie Forhandlingsprotokoller, journalsaker og kopibøker .

Kirke- og undervisningsdepartementet, Ministerens kontor/Ec (særlig nr. 24 og 26)  

Kirke- og undervisningsdepartementet, 1. Skolekontor D/Eea Universitet i Oslo  

Sverre Steen  

Bjarne Gran  

Anders Bratholm/F Universitetets motstandskamp 1940-45  

Adolf Hoel  

Det norske studentersamfund