I løpet av andre verdskrigen blei omtrent 40.000 personar arresterte eller internerte av tyskarane eller NS-styresmaktene. Ein del av dei slapp laus etter kort tid, men fleire titalls tusen blei verande mange år i fengsel eller leirar. Dei fleste blei haldne i fangenskap i Noreg, men fleire tusen blei også sende til Tyskland der mange blei verande resten av krigstida. Mange blei drepne eller døydde av andre årsaker mens dei sat i fangenskap.

Det var mange grunnar til at folk blei tekne. Jødane skulle avlivast, men politifolk, offiserar og studentar blei internert fordi tyskarane meinte dei var ein motstandstrussel. Det same gjaldt kommunistar. Nordmenn som deltok aktivt i allierte militære styrkar og som blei tekne til fange av tyskarane, blei haldne som regulære krigsfangar. Det kunne bli verre for norske sivile som blei tekne for aktiv motstand og sabotasjeaktivitet. Dei blei ofte haldne i fangenskap under dårlege tilhøve i konsentrasjonsleirar og tukthus i Tyskland. Ein del blei også henretta.

Rachel Feinbergs legitimasjonskort, 1942

Vinteren 1942 måtte den jødiske familien Feinberg i Oslo gå til politiet og få stempla ein raud ”J” i legitimasjonskorta sine. Her er politiet sin gjenpart av kortet til den 19 år gamle dottera Rachel. Eit halvår senare blei hele familien send til Auschwitz der Rachel straks ble drepen i gasskammer. RA/S-1708 Sosialdepartementet, Våre falne, Ec 21 A.