Tvitringane er eit utval frå forhandlingsprotokollen til statsrådet frå hausten 1814. Dei vil handle om både storpolitikk og andre spørsmål av meir allmenn karakter.

For følgjarar av Christian Frederik på twitter (@ChrFrederik) vil det framleis kome tvitringar frå han, heilt til han forlet Noreg for godt, den 26. oktober 1814. Men sidan han no har trådd til sides, sjuk og deprimert, ytrar han seg sjeldnare enn før.

Svar på eventuelle spørsmål eller kommentarar frå følgjarar av @statsraad1814 vil bli gitt av @FureEli (Eli Fure, underdirektør, Riksarkivet).