Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Befaling til Landetaten i det militære om eidsavleggjing og val

Befaling frå Noregs regent og hærførar Christian Frederik til landetaten i det militære om eidsavleggjing og val, befalinga til Fredrikstad kommandantskap.

Land- og sjøetaten fekk eigne sirkulære om val. Det du ser her, er retta til Fredrikstad kommandantskap, del av landetaten, og helsinga lyder  ”Vaabenbrødre!” Christian Frederik kallar seg i denne samanhengen Noreg sin regent og hærførar . Kvar militære undereining skulle samlast i oppstilt krets, og så skulle alle kunngjeringar og opne brev lesast høgt. Dernest skulle alle sverje eiden og til sist velje to valmenn: ein norskfødd offiser og ein underoffiser eller soldat. Den siste måtte vere gardeigar og over 25 år. Valmennene skulle så møtast hos den øvste, militære leiinga for å velje ein offiser og ein frå den andre gruppa til å representere det samla regimentet eller korpset i riksforsamlinga på Eidsvoll.

Arkivreferanse: Forsvaret, Fredrikstad festning kommandantskapet.RA/RAFA-1871/D/Db/L0022.



.