Hold ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske. MAC-brukere holder cmd-tasten istedet for Ctrl-tasten

Sjølvstendereising og nasjonale val

14. januar 1814 avsto Frederik 6. Noreg til kongen av Sverige ved Kielfreden. Men Noregs statthaldar, arveprins Christian Frederik, samla 16. februar framståande norske menn til ei rådslaging om framtida til landet, det såkalla Notabelmøtet på Eidsvoll. Resultat: sjølvstendereising og val.

Sjå det opne brevet frå Frederik 6. trykt 18. januar 1814, og regent Christian Frederik sine kunngjeringar av 19. februar.

19. februar gjekk kunngjeringane som følgde opp Notabelmøtet ut frå regent Christian Frederik, som han no kalla seg. Eit opent brev og ei kunngjering omtalte riket si stilling, mens eigne sirkulære for korleis val skulle skipast til over heile landet, blei sendt til biskopane og til sivile og militære overøvrigheiter. Forsamlinga som skulle gje Noreg ei grunnlov, skulle tre saman på Eidsvoll den 10. april.

Det militære skulle halde eigne val. Utstillinga viser valinstruksane som gjekk til landetaten og til sjøetaten. Kunngjeringa frå Christian Frederik om at Noreg sto fritt til å bestemme eiga framtid, gjekk ut med eigne slutord til dei militære. Her viser utstillinga den sivile kunngjeringa med slutorda frå dei militære dokumenta som tekst ved sidan av. Dei fleste dokumenta finst innbundne i Riksarkivet sitt bibliotek, i ”Diverse Kundgjørelser, Placater og aabne Breve” (Christiania 1814) og i ”Danmark. Forordninger, Placater m.v. 1613-1814”, bind 52 (København 1814), elles er arkivreferansen oppgjeven.

Christian Frederik portrett

Christian Frederik. Hornemann, 1810. Rosenborg Slot, foto: Kit Weiss.

Frederik VI, F.C. Grøger, 1808, Rosenborg slott

Frederik VI, F.C. Grøger, 1808, Rosenborg slott.




.