Undersøkinga blei send ut via QuestBack den 16.11.2011 og svarfristen var 20.12.2011.

Dersom det skulle vere spørsmål eller kommentarar som gjeld undersøkinga, kan desse rettast til underdirektør Lars-Jørgen Sandberg, anten per e-post: lars.sandberg@arkivverket.no  eller telefon 22 02 28 22.


Rapport om Riksarkivaren si årlege undersøking om arkivforholda i kommunane

Samanstilling av svara for 2010 og 2011

Riksarkivaren si årlege undersøking om forholda i norske kommunar og fylkeskommunar gjeld arkivhaldet i kommunal sektor, og inneheld blant anna spørsmål om tal på hyllemeter papirarkiv, bruk og omfang av elektronisk arkiv, arkivlokale og kommunen si arkivorganisering. Vedlagde rapport samanstiller svara for 2010 og 2011, og viser dei endringane som har skjedd i kommunal arkivsektor i den aktuelle perioden.