Kva er arkivforskrifta?

Forskrift av 11. desember 1998 nr. 1193 (arkivforskrifta) om offentlege arkiv er gitt med heimel i arkivlova § 12 . Forskrifta er eit omfattande dokument som regulerer dei fleste sider ved arkivfunksjonen i offentleg forvaltning. Graden av detaljering er likevel forskjellig frå tema til tema. Når det gjeld arkivrutinar, gir forskrifta nokså detaljerte føresegner. I andre tilfelle, for eksempel om kassasjon, er det overlate til Riksarkivaren å ta stilling til korleis detaljane skal utformast.

Kvifor har arkivforskrifta ulik detaljering?

Tanken er at forhold som gjeld bevaring og arkivansvar kan overlatast til Riksarkivaren si faglege vurdering, mens føresegner som grip direkte inn i forvaltninga sine administrative system og rutinar, skal vere gitt av Kongen i statsråd.