For spesielle dokumenttypar slik som sms, mms, chat, instant messaging, facebook, twitter mv., oppstår det naturleg nok spørsmål om i kva grad og på kva måte kommunikasjonen via desse media skal arkiverast og journalførast.

Spørsmålet om kommunikasjonen er arkivverdig, er avhengig av ei tolking av dokument- og arkivomgrepet i arkivlova samanlikna med arkivforskrifta sine føresegner om arkivavgrensing, jf. § 3-18 første ledd. Dersom kommunikasjonen fell inn under offentleglova sitt omgrep saksdokument for organet, skal den arkiverast under føresetnad av at den er gjenstand for saksbehandling og/eller har verdi som dokumentasjon. Det er altså tilstrekkeleg at det eine av dei to kriteria er rekna som oppfylt. Dersom begge kriteria reknast som oppfylte, skal kommunikasjonen journalførast. Dette følgjer av arkivforskrifta § 2-6 første ledd andre punktum.