Kva er OEP?

OEP er ei open søkjeteneste der alle kan søkje og bestille innsyn i brev og dokument som er sende til eller frå det offentlege. Det gjer det lettare for publikum å nytte innsynsretten sin. Det blir ikkje kravt spesielle føresetnader og ein treng heller ikkje identifisere seg for å få innsyn i eit offentleg dokument, det er nok å taste inn ei e-postadresse og vente til dokumentet kjem i innboksen. På sikt skal også dokument leggjast ut til nedlasting direkte.

Kven lagar OEP og korleis?

Departementa, Statsministerens kontor, statlege direktorat og tilsyn med heile landet som arbeidsfelt og fylkesmennene, er alle med og lagar OEP. Kvar dag overfører dei den kvalitetssikra offentlege journalen sin til den sentrale tenesta der den blir publisert.

Mange verksemder som ikkje er med i dette samarbeidet publiserer journalen sin på eigne nettsider. Dei som ikkje gjer det, er likevel pliktige til å leggje fram offentleg journal når det kjem krav om det.

Kjekt å vite

Forløparen til OEP, prøveprosjektet EPJ (Elektronisk postjournal), var eit tilbod der utvalde journalistar og redaksjonar fekk tilgang til eit knippe offentlege journalar på nett. Etter at den nye offentleglova tok til å gjelde, har alle fått dette tilbodet. Riksarkivaren har bestemt at ordninga skal stå ved lag.

Det skal ikkje vere høve til å søkje på personnamn langt tilbake i tid.

FAD, saman med KKD og JPD, har gitt ut ei rettleiing for dei som leverer informasjon til OEP .

Lovheimel

Arkivforskrifta § 2-7 spesifiserer kva opplysningar som skal med i offentleg journal.

Offentleglova § 10 slår fast journalføringsplikta og heimlar forskrift om tilgjengeleggjering av journalar og dokument på Internett.

Offentlegforskrifta § 6 handlar om tilgjengeleggjering av journalar på Internett.