Vidare arbeid med bevarings- og kassasjonsreglar for statsforvaltninga

Framlegg til nye felles bevarings- og kassasjonsreglar for statsforvaltninga blei sendt ut på høyring 22. juni 2012. Høyringsfristen blei først sett til august same året, men blei seinare forlenga til 31. desember etter ynskje frå fleire høyringsinstansar.

Til saman 139 høyringsinstansar blei inviterte til å uttale seg og 65 ga svar. 47 av dei leverte svar med tilleggskommentarar mens 18 leverte svar utan tilleggskommentarar. Oppsummeringa av høyringsrunden følgjer vedlagt.

Høyringsinstansane er delte i synet på forslaget til nye reglar. Fleirtalet er i hovudsak positive mens ein del stiller seg kritisk til heile eller delar av forslaget. Innvendingane gjeld først og fremst at det i praksis vil vere vanskeleg og ressurskrevjande å gjennomføre endringane. I høyringsbrevet ba Riksarkivaren om høyringsinstansane si vurdering av fleire spesifikke spørsmål om bevaring og kassasjon. Høyringsinnspela viser at det er sprikande syn på fleire sentrale område.

Men høyringa viste brei semje om behovet for eit nytt klassifikasjonssystem for arkiva i statsforvaltninga. Som eit første steg i oppfølginga av høyringsinnspela blei det i Riksarkivet frå mai 2013 sett i gang arbeid med å prøve ut ei funksjons- og prosessbasert tilnærming til klassifikasjon for å samle erfaringar og praktisk kunnskap. Dette arbeidet pågår og Riksarkivaren vil komme tilbake til spørsmålet om revisjon av Felles arkivnøkkel for statsforvaltninga.

Planen for det vidare arbeidet med fellesreglane er slik:

  • BK-reglane skal vere ferdige i løpet av 2014 og setjast i verk kring årsskiftet 2014/15. Arbeidet innber mellom anna gjennomgang av kommentarar, supplerande kartlegging, innarbeiding av relevante innspel og til sist framlegging for Kulturdepartementet.
  • Så snart BK-reglane er ferdige, skal Riksarkivet setje i gang med å lage rettleiing. Rettleiinga skal vere ferdig før utgangen av 1. halvår 2015.