Kartlegging av system under utvikling

Dersom kartlegginga omfattar system som er under utvikling, kan det ferdige systemet skilje seg vesentleg frå det planlagde systemet. Dette gjeld både funksjonar, kva slags informasjon som blir lagra og kva system det blir utveksla informasjon med.

Dersom eit system under utvikling blir gjennomgått tidleg i kartlegginga, er det viktig å sjekke at det ferdige systemet faktisk inneheld dei funksjonane og den informasjonen som bk-vurderinga tok utgangspunkt i.

Dersom det ferdige systemet avvik vesentleg frå det planlagde systemet, bør det gjerast ei ny bk-vurdering av det aktuelle systemet.

Kartlegging av eldre system

Nyare system er gjerne godt dokumenterte. Dette er ofte ikkje tilfellet med eldre system. Det vil mange ganger vere nødvendig å intervjue it-medarbeidarar og saksbehandlarar som kjenner systema godt. I nokre tilfelle kan det også vere formålstenleg å sjå systema i bruk.

Viktige informasjonskjelder

  • Systemdokumentasjon, brukarhandbøker og datamodellar gir verdifull informasjon om innhald og struktur i elektroniske system
  • Dersom det skjer saksbehandling i systemet, kan saksbehandlingsrutinar og prosedyrar gi nyttig informasjon
  • Dersom saksbehandlinga er regulert av lover og forskrifter, er det viktig å skaffe seg oversikt over dei aktuelle forskriftene og lovene
  • Arkivnøklar kan vere til god hjelp når sak- og arkivsystem skal kartleggast