Kva slags saksbehandling skjer i organet?

Resulterer saksbehandlinga i eit vedtak eller er den utgreiande, ekspederande eller orienterande?

Det kan synast unødvendig å presisere at saksbehandling endar med vedtak ettersom saksbehandling vanlegvis endar med ei avgjerd i form av eit vedtak eller ei innstilling. Det særmerkte ved ei saksbehandling som endar med vedtak er at den ikkje er rutineprega og opplagd. Det blir nytta mykje skjønn i saksbehandlinga og skjønnet blir dokumentert.

Motsatsen til saksbehandling som endar med vedtak er ekspederande saksbehandling. Ekspederande saksbehandling er rutineprega, opplagd og ofte detaljregulert av lover og forskrifter.

Kva slags saksbehandlingstypar skal bevarest?

Hovudregelen er at komplisert saksbehandling er viktigare å bevare enn enkel og orienterande saksbehandling. Utgreiande saksbehandling er viktig for å dokumentere premissar for avgjerder.

Presedenssaker og prinsippsaker er spesielt viktige å bevare fordi dei dannar mønster for saksbehandling som resulterer i vedtak innanfor eit bestemt saksområde.

Kva kjenneteiknar saksbehandling som resulterer i vedtak?

  • Komplisert saksbehandling
  • Saksfelt som ikkje er detaljregulert
  • Mykje skjønn og skjønnet er dokumentert
  • Element av drøfting
  • Saksbehandlaren behandlar ofte få saker
  • Endar med eit vedtak

Kva kjenneteiknar utgreiande saksbehandling?

  • Samling og analyse av store mengder eller mange ulike typar informasjon
  • Inneheld alltid ei drøfting
  • Skaper premissar for seinare avgjerder
  • Endar med ein rapport, ei innstilling, ei offentleg utgreiing eller liknande

Kva kjenneteiknar ekspederande saksbehandling?

  • Følgjer førehandsdefinerte reglar
  • Rutineprega, forholdsvis opplagt resultat
  • Saksbehandlaren behandlar ofte mange saker
  • Saksbehandlingsprosessane er i mange tilfelle heilt eller delvis automatiserte
  • Endar ofte med enkeltvedtak

Kva kjenneteiknar orienterande saksbehandling?

  • Svar på standardspørsmål
  • Generelle førespurnader som krev lite saksbehandling
  • ”Enkle” saker
  • Inga drøfting eller bruk av skjønn
  • Endar aldri med vedtak

Eksempel

Saksbehandling som resulterer i vedtak: vedtak om reguleringsplan, utbygging av vassdrag eller utvisingssaker.

Utgreiande saksbehandling: forarbeid til lover og arbeid med Norges offentlige utredninger (NOU-ar).