Arkivmateriale har som regel større informasjonsverdi dess lenger bakover i tid det går. Arkivmengda er mindre, og det er færre andre informasjonskjelder å ause av.

Dette tilseier høgare bevaringsprosent for eldre materiale enn for yngre, dels fordi det eldste ikkje vil ruve så mykje reint kvantitativt, dels fordi ein må bevare meir for å sikre eit tilstrekkeleg omfattande materiale.

Arkivforskrifta sitt bevaringspåbod

Det er derfor eit generelt bevaringspåbod for arkivmateriale som er skapt før 1950, om ikkje Riksarkivaren har bestemt noko anna, jf. arkivforskrifta § 3-20 a.

Dersom materialet som er eldre enn 1950 ikkje har bevaringsverdi ut frå andre kriterium enn alder, bør ein vurdere anten kassasjon av materialet eller bevaring av utval eller prøver. Føresetnaden er at vurderinga i slike tilfelle ikkje krev meir ressursar enn det kostar å bevare materialet uavkorta, jf. prinsippet om samfunnsmessig lønnsemd.

Korleis bruke kriteriet?

Dette er eit kriterium som det førebels er lite relevant å bruke for å vurdere elektroniske arkiv.

Ta utgangspunkt i kartlegginga av papirarkiva:

  • Kor gammalt er materialet?
  • Tilseier dei andre kriteria bevaring eller kassasjon av materialet?

Eksempel

Arkivmateriale frå 1960-åra er ikkje meir bevaringsverdig enn materiale frå 1980-åra dersom materialet elles scorar like høgt på dei andre kriteria.

Skulle likevel kartlegginga vise at organet har materiale som daterer seg frå 1800-talet eller tidlegare, er det ikkje nødvendig å gjere ei bevarings- og kassasjonsvurdering av dette materialet. Alderen åleine er då eit tilstrekkeleg bevaringskriterium.