Kart og teikningar må pakkast i spesialemballasje.

Vi tilrår at du tek kontakt med Arkivverket dersom større mengder kart eller teikningar skal avleverast.

Pakking

Kart bør helst oppbevarast liggjande. Det finst spesialesker å få kjøpt. Ein kan også få bestilt spesialesker etter mål.

Kart og teikningar bør helst ikkje rullast. Berre teikningar som har vore samanrulla, og ikkje lengre kan flatast ut, skal bevarast på rull.

Kryssreferanse

Hugs at om kart og teikningar blir plukka ut frå samanhengen sin, må det lagast kryssreferanse i arkivet og i avleveringslista.