Fagsystem som tilfredsstiller Noark 5 har per definisjon mekanismar for å produsere uttrekk av bevaringsverdige dokument og metadata på ein standardisert måte for deponering eller avlevering til Arkivverket. Desse mekanismane er ein føresetnad for å få godkjent eit fagsystem som eit Noark 5-system.

Noark 5 har også mekanismar for å ta vare på bevaringsverdige opplysningar som ikkje er førehandsdefinerte i standarden. Det er i hovudsak tre måtar å gjere det på:

  • nytte reservert plass på mappenivå i arkivstrukturen for ein vilkårleg struktur av verksemdspesifikke opplysningar.
  • nytte spesialiserte mappetypar med plass for dei verksemdspesifikke opplysningane.
  • definere klassifikasjonssystem som knyter verksemdspesifikke klassar til mapper

Andre fagsystem må følgje spesifikke bevarings- og kassasjonsvedtak om kva opplysningar som skal avleverast, og avtalar for korleis uttrekk frå systema skal produserast for å kunne mottakast og handterast av Arkivverket.