Kva er omorganisering?

Ei omorganisering kan vere lita eller stor. Ei intern omorganisering kan bety at ei avdeling blir delt i seksjonar eller at ein etat legg ned fylkeskontor og opprettar regionkontor i staden. Ei omorganisering kan også bety at ei verksemd blir splitta i fleire eller at ei verksemd går inn i ei anna.

Kva må ein ta omsyn til?

Det finst små omorganiseringar som ikkje har nokre konsekvensar for arkivet, og det finst store omorganiseringar som krev at arkiv anten blir periodiserte, overførte eller avleverte.

Kva skal gjerast?

Arkivleiar bør vere med i omorganiseringsprosessar og -prosjekt så tidleg som mogeleg for å kunne ta dei nødvendige grepa og spele inn nødvendige budsjettbehov.

Kjekt å vite

Alle brukarar av eit sakarkivssystem er knytte til ei administrativ eining og berre det å endre på dette vil vere ein jobb å rekne med. Det skal takast spesielle omsyn til personalarkivet.

Riksarkivaren har utarbeidd ei rettleiing for arkivet til hjelp ved omorganisering i statlege verksemder.