Kva instruksar om oppbygging og bruk er nødvendige?
Før det blir teke i bruk eit arkivsystem, og spesielt eit Noark-system, skal det vere på plass ein instruks om:
- Kva som skal arkiverast elektronisk og kva ein må ha på papir
- Kva arkivformat som skal brukast
- Kva dokument som treng (digital) signatur
- Retningslinjer for å sjekke og kassere skanna dokument
- Ein plan for periodisering og vedlikehald av avslutta basar
Arkivplanen skal innehalde oversikt over arkivstrukturen og arkivdelane.
Kva instruksar om interne ansvarsforhold og rutinar er nødvendige?
Før det blir teke i bruk eit arkivsystem, skal det vere på plass ein instruks om følgjande:
- Ansvar for brukarrettar
- Prosedyrar for e-post, konvertering, skanning, registrering, arkivering, digitale signaturar
- Rutinar for fordeling, retting, avskriving, innsynsvurderingog registering
- Nødprosedyrar
Lovheimel
Riksarkivaren si forskrift kapittel IX del C omhandlar krav til organisering og rutinar
§ 3-2 om oppbygging og bruk av det elektroniske arkivet
§ 3-3 om interne ansvarsforhold og rutinar
