Krav til golv og bereevna til reolane

Golv og reolar i arkivlokale skal ha tilstrekkeleg bereevne for vekta til arkivmaterialet jf. § 4-4. Rettleiande tal for berekning av vekta til arkivmaterialet er:

Format

Hylledybde

Vekt

A4 32 cm 60 kg/hyllemeter
Folio 37 cm 80 kg/hyllemeter
Spesialformat 45 cm 120 kg/hyllemeter

Vekta til reolane og anna utstyr i rommet kjem i tillegg.

Krav til temperatur og fuktinnhald i luft

Arkivforskrifta stiller ikkje spesifiserte krav til klima for dei ulike typane arkivmateriale. Dette skuldast nok delvis at det stadig kjem til nye medium, og at ei slik liste derfor fort kan bli forelda. På den andre sida har det enkelte organ behov for konkrete spesifikasjonar dersom føresegna skal få praktiske konsekvensar. Den følgjande tabellen er sett opp for å avhjelpe dette behovet. Tabellen må reknast som ein rettleiande spesifikasjon. Men det er grunn til å tru at Riksarkivaren vil stille krav som ligg nær desse:

Medium

Temperatur

Fuktinnhald

Spesielle krav

Papir 18 - 22 C 45 - 55 %  
Mikrofilm (arkivfilm) 10 - 15 C 25 -35 % Lokalet må vere støvfritt. Krev akklimatisering før bruk i vanleg romtemperatur. 
Magnetiske databerarar (diskettar, kassettband) 18 - 22 C 45 - 55 % Unngå elektriske installasjonar som kan påverke magnetiseringa av databerarane. Unngå støv og anna forurensning. 
Optiske plater (CD/R) 18 - 22 C 45 - 55 %  
Fotografi 15 -18 C Under 50 %
Fotografi bør helst oppbevarast i rom utan dagslys. For optimal langtidslagring er det strengare krav. Kontakt Arkivverket.

Sikring mot brann

Arkivlokala skal vere separate einingar eller brannceller. Dette inneber at det skal kunne vere brann utanfor lokalet utan at brannen brer seg til arkivlokalet før etter ei fastsett tid. For å oppnå dette må bygningsdelane som eit minimum bestå av eit lite brennbart materiale.

Krava til brannmotstandsevne er utforma i eit kodesystem som består av følgjande element:

  • bokstaven R betyr at bygningsdelar som er berande, skal oppretthalde sin lastberande funksjon
  • bokstaven E betyr at bygningsdelane skal motstå brannpåkjenning på ei av sidene utan at brannen smittar igjennom som følgje av gjennomtrenging av flammar og/eller varme gassar  
  • bokstaven I betyr at bygningsdelane skal motstå brannpåkjenning på ei av sidene utan at brannen blir overført til baksida som følgje av omfattande varmeleiining  
  • eit tal som seier kor mange minutt dei aktuelle bygningsdelane skal oppfylle krava R, E og I 

Krava til arkivlokale er som følgjer:

Type lokale

Brannmotstand

Krav til materiala

Arkivlokale i kontorrom REI 30 Avgrensa brennbart materiale
Spesialrom for  bortsetjingsarkiv  REI 60 Avgrensa brennbart materiale
Spesialrom for eldre og avslutta arkiv (depotarkiv) REI 120 Ikkje brennbart materiale