Innleiing

  1. Eit yrkesetisk regelverk for arkivarar tek sikte på å etablere ein høg etisk standard for arkivaryrket. Denne standarden bør presenterast for nye medlemmer av yrket, minne røynde arkivarar om deira yrkesmessige an­svar og gje allmenta tillit til arkivaryrket.
  2. I dette regelverket blir omgrepet «arkivar» nytta om alle som arbeider med styring, pleie, depothandsaming, bevaring og administrasjon av arkiv.
  3. Arkivinstitusjonar bør oppmuntrast til å innføre retningsliner og rutinar som legg til rette for at standarden kan handhevast i den daglege verk­semda og i langsiktige mål.
  4. Føremålet med regelverket er å gje ei etisk ramme for rettleiing av med­lemmer av arkivaryrket, ikkje å gje konkrete løysingar på spesielle pro­blem.
  5. Til kvar av grunnreglane er knytt ein kommentar. Grunnreglar og kom­mentarar utgjer til saman regelverket.
  6. Regelverket avheng av at arkivinstitusjonar og yrkesorganisasjonar er vil­juge til å ta det i bruk. Dette kan gjerast i form av opplæring og ved at det blir etablert eit apparat som skal gje rettleiing i tvilstilfelle, granske tilfelle av uetisk praksis, og - dersom det er naudsynt - gjennomføre sanksjonstiltak.

 Gå videre til retningslinjene