Kva er arkivlova?

Lov av 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv, i daglegtale kalla arkivlova, er fundamentet for regelverket om arkiv i offentleg forvaltning. Arkivlova er ei generell lov for alle typar offentlege arkiv og har overordna og grunnleggjande føresegner. Den har også føresegner om bevaring av private arkiv. Lova tok til å gjelde 1. januar 1999.

Arkivlova gir Kongen, og med det regjeringa, fullmakt til å gi utfyllande føresegner - forskrifter - om offentlege arkiv. Det er denne fullmakta som er heimel for arkivforskrifta.

Arkivlova tok til å gjelde 1.1.1999 og byggjer på rapporten "Samtidens arkiver - fremtidens kildegrunnlag" (NOU 1987:35).

Kvifor har vi ei arkivlov?

Arkivlova har som formål å sikre at arkiv som har stor kulturell eller forskningsmessig verdi eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, blir tekne vare på og gjort tilgjengelege for ettertida. Bevaring og tilgjengeleggjering for ettertida er formålet med lova.

Det er to grunngivingar for bevaring av arkiv:

  • Arkiv varetek verdiar som er knytte til kulturarv og forsking, nokre gonger kalla "nasjonen sitt minne".  
  • Dokumentasjon av rettsleg og forvaltningsmessig art både for arkivskaparane sjølve og for personar og verksemder som har vore gjenstand for saksbehandling eller liknande hos den som har skapt arkivet.