Stortinget har gitt tilslutning til å gjennomføre ei kommunereform i perioden 2014-2020. Den planlagde reforma vil få store konsekvensar for kommunens dokumentasjon, enten den er på papir eller digital. Reforma vil kunne innebere kommunesamanslåingar, samanslåing av fylkeskommunar og overføring av oppgåver mellom forvaltingsnivåa. Arkiv frå dei noverande kommunane skal avsluttast og avleverast til depot, arkiv i dei nye storkommunane skal etablerast. Fylkeskommunane vert også berørte av reforma. Det er avgjerande å setje i gang tiltak i forkant av reforma for å unngå informasjonstap og leggje til rette for effektiv forvalting i den nye kommunen. viser at få kommunar, kun 9 prosent, har starta opp å planlegge handteringa av arkiva sine ved eventuelle kommunesamanslåingar. Arkivpersonalet er førebels i liten grad med i planleggingsprosessane (15 prosent). Kommunane og fylkeskommunane er sjølve ansvarlege for at arkiva og dokumentasjonen vert handtert på rett måte

Komplett rettleiing til kommunane er lansert


Rettleiaren er laga av Arkivverket, i samarbeid med kommunal sektor. Første del av rettleiinga vart lansert i januar 2016. Denne er no oppdatert og revidert. 

  • Del 1 omhandlar fasen fram til lokalt vedtak om samanslåing er fatta. Her får du råd om kva førebuingar som kan gjerast før vedtak, og informasjon om konkrete tiltak som kan setjast i gang medan ein ventar på vedtak.
  • Del 2 omhandlar fasen frå lokalt vedtak er fatta til samanslåing er gjennomført. Den gir ei oversikt over kva arkivfaglege oppgåver som må gjennomførast i samanslåingsfasen, og tek for seg prosessen steg for steg – sett frå arkivleiar sin ståstad. Denne delen gir og konkrete råd om handtering av eksisterande arkiv, samt etablering av arkivteneste og arkiv i ny kommune.
  • Del 3 gir råd om langsiktig arbeid med arkiv og dokumentasjonsforvaltning i ny kommune.

Heile rettleinga er no klar og kan lesast på

Sjå også nyhendesaka: 


Har du innspel til Arkivverkets arbeid med kommunereforma? Ta gjerne kontakt med Anna Malmø-Lund ved seksjon for bevaring og kassasjon på e-post: annmal@arkivverket.no

Har du innspel eller spørsmål vedrørande arkiv i kommunereform, ta kontakt med ditt statsarkiv, IKA, byarkiv eller fylkesarkiv.