Kva er ein publikasjon?
Skriftlege publikasjonar kan vere trykksaker, rundskriv, anna mangfaldiggjort allment tilgjengeleg materiale og blankettar som ikkje er utfylte.
Skal publikasjonar journalførast og arkiverast?
Publikasjonar som blir mottekne skal ikkje bevarast, arkiverast eller journalførast, men skal arkivavgrensast. Dei publikasjonane verksemda lagar sjølv skal i arkivet, og helst i den saka der forarbeida ligg. Dei bør også journalførast.
Skal publikasjonar bevarast på papir?
Det er ikkje nødvendig å bevare publikasjonar på papir dersom den digitale fila er tilgjengeleg. Papirversjonar kan bevarast i tillegg, men dei skal ikkje avleverast.
