Korleis blir eit innsynskrav behandla?

I arkivhandboka står det blant anna at innsynskrav etter offentleglova blir behandla som andre typar spørsmål som fører til saksbehandling, og avgjerda blir teken av dei instansane som har fullmakt til det.

Kva er arkivtenesta si rolle?

Arkivtenesta si rolle vil vere den same som i ordinær saksbehandling. I samband med behandling av spørsmål om innsyn vil arkivtenesta blant anna ha ansvar for å:

  • registrere at førespurnaden er komen og sende den vidare til saksbehandlar  
  • leggje fram dei etterspurde dokumenta til gjennomsyn hos den som skal behandle innsynssøknaden  
  • iverksetje den avgjerda som blir teken om innsyn  
  • sørgje for at dokumenta blir behandla i tråd med dei avgjerdene som er tekne, både når det gjeld kopiering, utsending, og skjerming av opplysningar som det gjeld innsynsrestriksjonar for
  • kontrollere at originale arkivdokument blir behandla i tråd med føresegnene i arkivlova med forskrifter

Kjekt å vite

Eit grunnleggjande vilkår for at innsynsretten etter offentleglova skal fungere i praksis, er at dei organa som lova gjeld for, har ein tilfredsstillande arkivfunksjon. Utan at arkivtenesta og arkivet fungerer, er innsynsretten etter offentleglova ein illusjon.