Kva er gradert materiale?
Gradert materiale er dokument eller opplysningar som etter føresegner i lov eller forskrift skal handterast på bestemte måtar, og som ikkje alle tilsette skal ha tilgang til. Det er altså berre autorisert personale som skal ha kjennskap til at dokumenta og opplysningane finst. I tillegg skal dokumenta og opplysningane sjølvsagt vere skjerma mot offentleg innsyn. Tilgjenge til materialet krev ofte tryggingssklarering. Offentleglova heimlar skjerming, men gradering kan berre skje med heimel i
- Tryggingslova (Begrensa, Konfidensielt, Hemmeleg og Strengt hemmeleg)
- Verneinstruksen (Fortruleg eller Strengt fortruleg )
Korleis journalføre gradert materiale?
Ved papirbasert journalføring skal dokument med ulik gradering førast i kvar sin journal, men med Konfidensielt og Hemmeleg i same journal. Ved elektronisk journalføring er det ikkje eit slikt krav om oppdeling, men det skal kunne lagast logiske utdrag eller fysiske utskrifter etter same inndeling som for papirjournalar.
Dokument graderte Strengt fortruleg skal førast i journal som det ikkje gjeld offentleg innsyn for mens dokument graderte Fortruleg kan førast i vanleg open journal. Det er journalføringsplikt for organinterne dokument med gradering Konfidensielt eller høgare.
System og medium for gradert materiale
Det systemet som blir nytta, må i tillegg til å følgje Noark-standarden vere tryggingsgodkjent for den høgaste gradering som blir nytta på dokument som blir registrerte. Det skal også førast eit eige medieregister over maskinlesbare medium som blir nytta til lagring av opplysningar graderte Konfidensielt eller høgare.
Kjekt å vite
Offentleglova har føresegner om skjerming.
Lovheimel
Forskrift om informasjonstryggleik gir føresegner om journalføring av graderte dokument i kapittel 4B §§4-10 - 4-17.
Forskrift om informasjonstryggleik er heimla i lov om førebyggjande tryggingsteneste (tryggingslova).
Verneinstruksen sitt fulle navn er "Instruks for behandling av dokumenter som trenger beskyttelse av andre grunner enn nevnt i sikkerhetsloven med forskrifter.”
