Riksarkivaren sette seinhausten 2010 i gang eit prosjekt som skulle utarbeide nye bevarings- og kassasjonsføresegner for kommunane, fylkeskommunane og eigenforvaltningssakene i staten. Prosjektet fekk namnet BK OFFSEK. Behovet for nye reglar er stort. Det eksterne arkivmiljøet har kome med jamlege innspel om dette, og i arbeidet sitt med å sikre og tilgjengeleggjere arkiva i kommunal sektor, har Riksrevisjonen fokusert på det same.

Forslag til nye føresegner blei sende på høyring med høyringsfristen 31.12.12. Her kan du lese høyringssvara   og oppsummeringa   frå høyringa.

Den kommunale høyringa

Den kommunale høyringa består av følgjande dokument:

Forslaget til nye bevarings- og kassasjonsreglar er samla i dokumentet: Forslag til nytt regelverk. Regelverksforslaget inneheld ein generell del og ein fagspesifikk del og er tenkt å erstatte kapittel IV og V i Riksarkivaren si forskrift. Dei fagspesifikke vurderingane er også nedfelte i høyringsnotatet. Notatet inneheld i tillegg ei kort utgreiing om dei ulike oppgåvene og ein presentasjon av alle dei bevarings- og kassasjonsvurderingane prosjektet har utført.

Prosjektgruppa har utarbeidd to kartleggjingsrapportar, ein for kommunen og ein for fylkeskommunen. Rapportane er berre tilgjengelege på nettsidene våre. Kartleggjingsrapportane er underlagsmateriale for delar av høyringsnotatet.

Den statlege høyringa:

Den statlege høyringa består av følgjande dokument: