Funksjonar og ansvarsområde

Ta utgangspunkt i kartlegginga av organet eller organa sine funksjonar og ansvarsområde. Har organet funksjonar og ansvarsormåde som det er viktig å dokumentere for ettertida?

Korleis er saksbehandlingsprosessane i organet? Er saksbehandlinga rutineprega eller basert på skjønn? Det er normalt viktigare å dokumentere saksbehandling der det er brukt mykje skjønn enn saksbehandling som er rutineprega og opplagd.

Kva høyrer normalt inn under organet sitt ansvarsområde og kva oppgåver blir berre unntaksvis utførte? Har organet i ein kortare periode hatt spesielle oppgåver som det er viktig å dokumentere? Blei organet oppretta eller blei viktige saksfelt innførte i perioden som skal bk-vurderast?

Maktutøving og rolle i samfunnsutviklinga

Sjå på organet sine forvaltningsfullmakter og plassering i det adminstrative hierarkiet. Kor stor gjennomslagskraft har organet? Tek organet prinsipielle avgjerder som blir rettesnor for andre organ si saksbehandling? Legg organet, gjennom utgreiingar eller forarbeid til nye lover, premissane når viktige avgjerder skal takast?

Kva konsekvensar får avgjerdene organet tek? Får vedtaka store konsevensar for nasjonen eller for einskilde lokalsamfunn? Får vedtaka organet fattar djuptgripande og varige konsekvensar for enkeltindivid eller er verknadene meir kortvarige? Skaper organet rettsdokumentasjon?

Har organet sine vedtak påverka samfunnsutviklinga i ei bestemt retning? Har organet stått sentralt i utviklinga av eit bestemt samfunnsområde?

Kriteria adminstrativt nivå, saksbehandlinga sine konsekvensar, saksbehandlingstype, ekstraordinære aktivitetar og pionerverksemd, kan brukast for å vurdere bevaringsverdien på makronivå.