Kva er eit godt arkivformat?
Eit godt arkivformat for langtidslagring skal helst fylle fleire krav:
- ope og komplett (fullstendig) dokumentert
- etablert i marknaden og i utbreidd bruk
- filene skal kunne lesast og analyserast på ein enkel måte
- sjølvdokumenterande
- uavhengig av maskinvare og programvare
- ikkje vere patentverna
- ikkje ha krypteringar
- robust og effektivt
Kva arkivformat er gyldige?
- Elektroniske dokument (med tekst og bilete eller grafikkobjekt)
- Rein tekst, TIFF, XML eller PDF/A
- Fotografi og bilete: TIFF eller JPEG
- Kart: TIFF eller SOSI
- Video: MPEG-2
- Lyd: MP3, PCM eller PCM-basert Wave.
Les meir i Riksarkivaren si forskrift § 8-17
Korleis blir dokumenta testa?
For testing av Adobe PDF og PDF/A-dokument brukar Riksarkivet verktøyet Adobe Acrobat Professional versjon 9. Preflight-funksjonen validerer PDF- og PDF/A-dokument og testar desse mot alle krav i standarden ISO 19005-1 og ISO 32000-1. Alle avvik vil bli presenterte i ein detaljert rapport. Rapporten kan lagrast i PDF eller XML. Det er ei lang rekkje testar som kan utførast og det er ferdigdefinerte ”profilar” for test av for eksempel PDF 1.7 og PDF/A. (Verktøyet kan også rette feil.)
Kjekt å vite
Excel-ark kan vere vanskelege å konvertere til arkivformat dersom dei ikkje passar inn på ei side. Enkle rekneark kan med fordel konverterast til rein kommaseparert tekst, mens excel-bøker ikkje kan dette. Dersom excel-filene ikkje skal leverast, kan dei ligge i produksjonsformat hos verksemda.
Lovheimel
Arkivforskrifta § 2-13 seier at dersom saksdokument skal kunne lagrast elektronisk må det nyttast fullgode dokumentlagringsformat som er godkjente av Riksarkivaren.
Riksarkivaren si forskrift § 8-17 listar opp dei godkjente dokumentformata for avlevering og deponering.
