I føresegner om avlevering og overføring av ikkje-elektronisk arkivmateriale i statsforvaltninga, fastsette av Riksarkivaren 1. desember 1999 (forskrift nr. 1566) med heimel i forskrift 11. desember 1998 nr. 1193 om offentlege arkiv, heiter det i pkt. 8.4: "Etikettane skal limast på med lim etter standard godkjent av Riksarkivaren."

Problema med å finne fram til lim og få festa etikettar på ein tilfredsstillande måte, er av praktisk art. Riksarkivaren har derfor ikkje funne å ville gi eigne forskrifter om dette, men har i staden fått utarbeidd ei rettleiing som vil vere til hjelp i det praktiske arbeidet. Rettleiinga blei sist omarbeidd i 2011 og godkjent av Riksarkivaren 6. april 2011.

1. Etikettar på arkivesker, kontorinnbindingar og bind utan kulturhistorisk verdi

På esker og bind som ikkje har nokon verdi utover det å verne bokblokka, kan fleire typar limstoff nyttast, for eksempel gummierte, stivelses-, akryl-, cellulose- eller vinylbaserte. Det er viktig at klisteret ikkje avgir skadelege substansar til bokblokka eller sure gassar som påverkar klimaet i magasina.

2. Etikettar på protokollar og bøker

På originalbind er det viktig å bruke eit limstoff som er reversibelt (kan fjernast) og ikkje bryt ned objektet. Det finst fleire typar lim på marknaden. Desse kan vere baserte på stivelse, cellulose, akryl eller andre substansar som let seg aktivere med vatn. Det finst også ferdige limetikettar som er akrylbaserte eller gummierte og som blir aktiverte ved lett fukting. Kva for eit limstoff som bør veljast, er avhengig av størrelsen på samlinga, økonomiske rammer og praktisk tilretteleggjing. Det er viktig at alle typar limstoff som blir nytta til etikettering er godkjente med om omsyn til spesifikke standarder og internasjonale retningslinjer.

Riksarkivet si konserveringsgruppe kan kontaktast om spørsmål som gjeld etikettering.