Ifølgje fellesføresegnene for innbinding av møtebøker, kopibøker, register mv. i statleg og kommunal forvaltning (kap. VII i Forskrift om utfyllande tekniske og arkivfaglege føresegner om behandling av offentlege arkiv) kan Riksarkivaren godta visse typar av kontorinnbinding. Som følgje av dette fastsette Riksarkivaren i 2009 kriterium for godkjenning av retningslinjer for bruk av kontorinnbindingssystem.

Kriterium for godkjenning av kontorinnbindingssystem

Fastsette av Riksarkivaren 10. august 2009.

Det blir vist til forskrift 1. desember 1999 nr. 1566 om utfyllande tekniske og arkivfaglege føresegner om behandling av offentlege arkiv (Forskrift om behandling av offentlege arkiv).

Med heimel i kapittel VII, punkt 3, blir følgjande kriterium lagde til grunn for godkjenning av kontorinnbindingssystem:

  • Kontorinnbindingssystem som ein ønskjer å få godkjent, må fysisk framleggjast for utprøving og vurdering. Ulike modellar blir godkjende individuelt.
  • Innbindinga skal bestå av eit omslag eller av permar med ein innlagd, eventuelt pålimd, metallkanal. Ved hjelp av ei mekanisk innretning blir kanalen klemt saman om ryggen på arka som skal bindast inn.
  • Metallkanalen må vere av rustfritt stål/fjørstål, ev. høglegert stål. Den må ha avrunda kantar så det ikkje oppstår rifter i overtrekksmaterialet.
  • Dersom metallkanalen er pålimd, må det nyttast ein type lim som er kjemisk stabil over tid.
  • Klemstyrken i maskina må vere stor nok til å kunne sikre at arka ikkje kan dragast ut. Klemstyrken må ikkje vere så stor at papiret blir skadd.
  • Permane som blir nytta, må vere av syre- og ligninfri papp.
  • Det må leggjast fram datablad på lim, papp og overtrekkspapir.
  • Godkjenningar blir gitt for tre år, og det er ansvaret til forhandlaren å sørgje for fornya godkjenning. Kan det dokumenterast at produksjon og modell er uendra sidan førre godkjenning, kan godkjenninga fornyast utan ny utprøving og vurdering.

Retningslinjer for bruk av kontorinnbindingssystem

Fastsette av Riksarkivaren 10. august 2009.

Det blir vist til forskrift 1. desember 1999 nr. 1566 om utfyllande tekniske og arkivfaglege føresegner om behandling av offentlege arkiv (Forskrift om behandling av offentlege arkiv).

Med heimel i kapittel VII, punkt 3, har Riksarkivaren fastsett kriterium for godkjenning av kontorinnbindingssystem. Følgjande utfyllande retningslinjer gjeld for bruk av kontorinnbindingssystem:

Ved innbinding til arkivformål skal det

  • brukast stive permar dersom binda skal stillast opp separat. Skal binda oppbevarast i eske, kan det nyttast mjuke permar.  
  • øvst og nedst i kvar bunke skal det leggjast kvite, uskrivne ark som tilfredsstiller standard ISO 9706.

Godkjente innbindingssystem

Nedanfor følgjer ei oversikt over dei innbindingssystema som er godkjente etter ovannemnde kriterium. Oversikta er sist oppdatert 5. mai 2011.

  • Leitz Impressbind