I kap. VI pkt. 7.1 står det at ”Arkivmaterialet som ikke bindes inn, jf. pkt. 5.2, skal være lagt i arkivesker som er godkjent av Riksarkivaren.”

Spesifikasjon for arkivesker er godkjend av Riksarkivaren 17.01.2014.

Krava er fastsette med heimel i Riksarkivaren si forskrift (forskrift 1.12.1999 nr. 1566) kapittel VI punkt 7.1, jf. arkivforskrifta (forskrift 11.12.1998 nr. 1193) §§ 5-8, 5-10, 3-22 og 3-23, jf. arkivlova (lov 4.12.1992 nr. 126) § 12.

  1. Spesifikasjon av arkivesker

    Arkivmateriale som skal avleverast skal vere emballert i esker som tilfredsstiller dei internasjonale krava til langtidsoppbevaring av papir. Pappen skal vere laga av bufra alfacellulose-pulp med bufferkapasitet mellom 2-3%,  naturleg kalsiumkarbonat i samsvar med standardene ISO 9706:1994 og ISO 16245:2009. Eska må i tillegg vere PAT-sertifisert (Photograph Activity Test).

    Eska skal vere utforma på ein måte som gjer den mekanisk stabil og vernande for arkivmaterialet. Eska skal ha dobbeltsidige vegger og ei tilleggsstøtte i botnen. Pappen i eska skal vere av bølgjepapp med eller utan laminering.

    Eska skal lagast av eit heilt stykkje materiale og formast til ved bretting. Loket skal tette godt til og overlappe fronten. Det skal ikkje brukast lim eller stiftar.

    Eska skal ikkje vere breidare enn 95 mm på noko punkt fordi det skal kunne plasserast ti esker på ein hyllemeter.

    Eska skal ha ei fast tunge slik at den enkelt kan trekkjast ut frå hylla

  2. Overgangsordning

    Riksarkivaren kan i ein overgangsperiode godkjenne avlevering av esker som ikkje følgjer krava som er spesifiserte her.

    Seksjon for digitalisering og konservering i Riksarkivet kan kontaktast om spørsmål som gjeld arkivesker.