Kva er føresegnene for elektronisk arkiv?

Riksarkivaren si forskrift kapittel IX har føresegner om elektronisk arkivering av saksdokument.

Del A omhandlar generelle føresegner
Del B har krav til system, format og lagringsmedium
Del C har krav til organisering og rutinar
Del D handlar om rapportering og godkjenning

Kven skal følgje føresegnene?

Alle offentlege organ som arkivforskrifta gjeld for skal følgje kapittel IX i forskrifta.

Kjekt å vite

For å kunne lagre arkivdokument elektronisk, må det brukast eit godkjent system. Det kan kjøpast eit system som allereie er godkjent etter Noark-standarden, eller det kan søkjast Riksarkivaren om godkjenning.

Lovheimel

Riksarkivaren si forskrift kapittel IX er heimla i arkivforskrifta § 2-13