Rentekammeret. Lensrekneskapar I

Rentekammeret. Lensrekneskapar I;  
Austlandet

Riksarkivet: Arkivregistraturar 4

Denne katalogen over lensrekneskapar ligg føre i 2 band. Band II, som dekkjer Agder, Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg, er òg tilgjengeleg i Nettbutikken.

Lensrekneskapane frå slutten av 1500-talet og fram til om lag 1660 er utan samanlikning den mest nytta arkivserien frå eldre tid i Riksarkivet. I riks- og regionalhistoriske undersøkingar er lensrekneskapane hovudkjelda for økonomisk og sosial historie. For lokalhistorikarane er lensrekneskapane gjerne den einaste samanhangande arkivrekkja ein har frå så tidleg tid.

Innhald, band I:

  • Akershus len 1577–1661
  • Idd og Marker len 1614–1662
  • Tune og Åbygge skipreider 1593–1632
  • Veme len 1616–1632
  • Tune, Åbygge og Veme len 1632–1669
  • Rakkestad len 1593–1606
  • Maria kyrkje prosti gods og Rakkestad len 1617–1669 (1679)
  • Onsøy len 1626–1669 og 1674
  • Biskopgodset 1623–1653
  • Verne kloster len 1599–1663
  • Sager i Aker 1628–1646
  • Mørk sager på Hurum og toll av Follo og Bragernes 1624–1630
  • Sager ved Buskerud 1629–1660
  • Sager på Moss 1642–1653
  • Langesund saltverk 1602–1611
  • Brunla len 1617–1662
  • Eiker len 1607–1663
  • Numedal og Sandsvær len 1628–1667
  • Tønsberg len 1584–1661
  • Bratsberg len 1585–1662

Innbunden utgåve. Hefta utgåve er òg tilgjengeleg i nettbutikken.

Oslo 1982

Porto er inkludert i prisen. 

Pris kr 150,00